På flyttefot

  • 31.12.2015
  • 15:58

Skal eg fortelje dykk ei hemlegheit som eg har halde på ei stund no? Ja? 

Eg skal flytte for meg sjølv. Hurra!
Nokre veker tilbake var eg for å sjå på ei leilegheit som ville bli ledig no frå 1. januar, og eg var ikkje i tvil om at eg kan kjem til å trivast der; nytt, lyst og fint. 
I går var eg å fekk nøklar og kontrakt, og i dag var eg ein tur bortom med eit lite flyttelass. Det er mykje som skal på plass, og mykje som endå ikkje er handla inn, men det som er så greit er at det tek meg ikkje meir enn 10 minuttar å køyra her heima ifrå, så det går kjapt å flytte sjølv om eg ikkje får så mykje inn i bilen for kvar tur. 

Eg vert nok verande heima nokre døger til, då eg verken har flytta bort seng eller sofa. Sofa har eg bestilt meg, men fekk beskjed om at den ikkje kjem før om 8 veker så hei hå då må me finne ei anna løysing i mellomtida. Kjøkkenstolar har eg derimot, då me hadde ein stabel ståande som eg fann ut at eg skulle freshe opp litt. Etter eit par strøk med fargen Signal Gul vart dei akkurat slik eg hadde sett for meg. 




Bilete av leilegheita vil kome litt etterkvart som eg byrja få ting på plass. Akkurat no er det veldig tomt med berre eit par kasser og eit lite bord i eit hjørna. 



Comments: 0



Looking back - Part I

  • 30.12.2015
  • 12:59

Starta 2015 med snø. Ein heil masse snø. Feira 22 års dagen min med overraskelses selskap hjå Willow, og seinare ein fest på ein posh klubb i London. Reiste til Marlborough med jentene for ei helg. Tilbrakte påsken på hytta med snø til langt opp etter øyrene. Reiste på tur til Bridgnorth med Willow, far hennar og systera for å besøke noko av familien deira. Køyrde opp til grensa mot Wales for å sjå søskenbarnet til Willow konkurere i downhill sykling. Feira Willow sin 20 års dag. Feira 17 mai i Southwark Park med Becca, etterfulgt av eit ordentleg norsk måltid i leilegheita. 

Del II kjem om ikkje lenge. Fylg med. 




Started 2015 with snow. A lot of snow. Celebrated my 22nd with a surprise party at Willows house and a second party in a posh club. Went to Marlborough with the girls for a weekend. Spent easter in the cabin on the mountain with the family. Went on a road trip to Bridgnorth with Willow, her dad and her sister to visits some of their family. Drove up to the Welsh border to watch Willows cousin compete in a downhill bike race. Celebrated Willow who turned 20. Celebrated May 17th in Southwark Park with Becca, followed by some proper Norwegian food in the flat. 


Part II will be coming soon. Stay tuned.



Comments: 0



The Christmas dress

  • 25.12.2015
  • 18:31

I år var planen at eg skulle sy meg ein ny festkjole ti jol, då eg har særs lite av dette i klesskapet, men dagane før jol suste forbi i ein jævleg fart og før eg visste ordet av det var det berre ei veka att til den store dagen. På dette tidspunktet var verken jolekjolen til ho mor eller vesten til han bror var ordentleg ferdig, og ettersom eg hadde lova begge at dei skulle få plagga ferdig til jolaftan måtte eg prioritere dette, og det vart då lite tid til min eigen kjole. Noko som resulterte i at eg seint sundagskveld hadde eit manisk stress augeblikk der eg gjekk gjennom alt i klesskapet minst 10 gonger i håp om at det plutseleg skulle dukke opp noko eg følte meg fin og jolepynta i. Raude plagg eig eg ikkje (om du ser vekk ifrå ei knallraud dressjakke ifrå 80- talet) så å kle seg i jolefarge var det berre å drite i, og dei andre kjolane kom liksom ikkje heilt til topps på lista, så det fekk bli med denne kjolen her som eg sydde som ein del av den siste skuleoppgåva mi før sumaren i år. Den er omtrent ikkje brukt då eg aldri finn ein anledning som høver seg, så kva var vel betre enn å prøvekøyre den på sjølvaste jolaftan? Då sminka og sveisen òg var komen på plass etter både banning og ei heftig sveittebyge grunna sinne, var eg i bunn og grunn ganske nøgd med val av kjole. Då den verken er inntilsitjande eller ubehageleg på noko sett kunne eg stappe i meg jolemat og anna digg på høgt nivå, og likevel føle meg vel, noko som alltid er eit pluss. 


Dress - Anita Ukvitne // Shoes - Office // Casio watch - Urban Outfitters // Necklace - Primark




Comments: 1



God Jol. Merry Christmas.

  • 24.12.2015
  • 14:02

Så var dagen komen, huset er pynta og jolestemninga er på topp. 
I går var siste dag på jobb før 4. januar, så no skal eg nyte desse dagane saman med familie og vener, og kose oss med mykje god mat og alt som høyrer jola til.
Eg har i grunn ikkje så mykje anna på hjarta, men tenkte eg kunne ta turen innom for å ynskje alle som ein ei riktig god jol. Håpar dagen står til forventningane dykkar, og at de får ein fin dag, og kveld saman med nære og kjære. 

Under ser de resultatet etter ein av mine mange kveldar med joleverkstad. Synest dei var så søte då eg fann eit bilete på nettet, og måtte prøve det ut sjølv. Do-rull nissehue på null komma niks. 



Simply stopped by to wish everyone a merry Christmas. Whether you celebrate today or tomorrow, I hope have a wonderful day with near and dear. 


Comments: 0



3. Sundag i advent

  • 16.12.2015
  • 21:17

I fjor tok familien (les: mamma, pappa, Martin, meg, tante Hege, onkel Arne og søskenbarn Tarald), fjerde sundag i advent, beina fatt og labba på tur skogen med sekken full av god mat og drikke, og etter stor sukkess fann me ut at dette måtte gjentakast i år òg. Denne gongen vart det tredje sundag i advent i staden, og mamma hadde med tre telys som me tente på. På bålet grilla me pylser og kokte kaffi og av andre godsaker i sekken var det blant anna jolekaker og sjokolade. 

Akebrett hadde me sjølvsagt med, ein blir jo aldri for gamal for å skli på akebrett og ha det kult i snøen. Ein av dei mest ivrige i akebakken er faktisk mamma, og det skal ikkje mykje til før ho er overtalt til å vere med på eit eller anna sprell. 

Om dette blir ein tradisjon som me fortset med kvart år vil tida vise, men det er i alle fall utruleg kosleg å samlast på den måten, og ha det kjekt i naturen. 














Comments: 1



Saturday Shopping

  • 12.12.2015
  • 19:17

I dag vart siste jolepresang-innkjøpet gjort for i år, så no gjenstår det berre å pakke inn alt, og få det levert til dei det er til. Å gje presangar som du er riktig nøgd med er faktisk nesten like kjekt som å få. 

Store deler av Voss sine innbyggjarar hadde visst hatt same tanke som meg og mamma, om at dagen i dag var fin til å ordne nokre fleire joleinnkjøp, for det var jaggu fullt på Vangen. Det var nesten ikkje ein einaste parkeringsplass å oppdrive utanfor senteret, og me møtte stadig på kjentsfolk. No er eg riktignok van til store folkemengder etter å ha vandra Londons gater i tre år, men så var dette òg ein av grunnane til at London vart alt for voldsomt og travelt for min del, så det er godt Vangen stort sett ikkje er så fullstappa som i dag. Det er jo til å bli både sveitt og sur av når ein må gå i kø gjennom matbutikken. 

No må eg straks vende snuten tilbake til arbeidsbordet, for lista mi med ting som må gjerast før jol har blitt alvorleg stor, og i dag då eg var innom Fargerike handla eg inn til endå eit prosjekt, så det ballar stadig på seg. 

Ha ei fortsatt fin helg! 


Jacket - Anita Ukvitne // Top (dress) - Fretex // Skirt - Anita Ukvitne





Today I bought the last Christmas present of the year, so all I have to do now is wrap them and give them to the people they're for. To give away presents that you're really happy with is almost as fun as receiving gifts. 

Most of the population in Voss seemed to have had the same thought as me and mum; that today would be a good day to do some Christmas shopping, because town was packed. There was hardly any free parking spots and we came across quite a few people we know. After living in London for three years I should be used to crowded streets and shops but that was one of the reasons why London was too crazy and busy for me, so thank god town isn't always as busy and crowded as today. 

Now I've got to go back to my desk and to get some more work done. My list of things that's got to be done before Christmas is crazy long, and in town today I bought some more stuff for a new project so there's plenty to do every hour of the day. 

Have a great weekend!


Comments: 2



Interior wishes

  • 09.12.2015
  • 22:02

Denne jula er det for det meste ulike bruksting (og litt dill) til ei eventuell leilegheit som står på ynskjelista. Litt har eg jo gått til innkjøp av i løpet av dei tre åra mine i London, men litt dyrare ting som kaffitraktar, vaffeljern osv manglar framleis. For eit års tida sidan hadde eg aldri drøymd å ynskje meg kaffitraktar til jul, men no som miss Ukvitne har blitt dagleg kaffidrikkar er det ingenting anna enn Moccamaster som gjeld. Miksmaster var eg så heldig å få til jul i fjor så baking kan eg i alle fall drive med når eg får meg ein eigen plass å bu. Når det gjeld kjøleskap har eg alltid hatt ein draum om å vere eigar av eit i merke Smeg, men no er ikkje det heilt innafor mitt budsjett så kanskje ein brødristar i same merke kan duge som erstatning..? Den var i alle fall veldig kul.

Etter å ha bladd meg igjennom ulike nettsider på leit etter det "rette" utstyret har eg no konkludert med at eg er veldig gira på gult og mint/blå/tyrkis. Finst det eigentleg noko freshare enn det?! Åh, som eg gledar meg til dagen kjem der eg kan innreie mitt eige. Heihurra! 





Comments: 1



Cactus

  • 07.12.2015
  • 19:43

For ei stund tilbake såg eg eit bilete av nokre strikka nåleputer forma som kaktus, og som den kaktuselskaren eg er måtte eg sjølvsagt prøve meg på å lage dette. Planen var å ha det i ei lita terrakottapotte, men etter å ha leita i butikk etter butikk utan å finne det enda eg opp med ei heilt enkel, kvit potte, og det vart ikkje heilt feil det heller.

Så enkelt å lage og kult å bruke som dekorasjon i tillegg til nålepute. 





A while back I found a picture of a knitted pin cushion shaped as a cactus, and as the cactus lover I am I had to try to make it. The plan was to use a small terracotta pot as a base, but after going through shop after shop without any luck in finding it I ended up with this plain, white one and that didn't turn out too bad either. 

So easy to make and cool to use as a decoration as well as a pin cushion.


Comments: 4



hits