The world is a playground

  • 30.11.2015
  • 22:48

Eit bilete seier meir enn 1000 ord, så her har de minst 3000 ord som beskriv familien Ukvitne på sitt beste. 

I helga vart landskapet rundt huset transformert til eit kvitt eventyrland, og i går, før jolegateåpinga, var me ute å surra i nokre timar. Det gjorde godt for både kropp og sjel, som det vintermenneske eg er, at snjoen lava ned slik at eg kunne leike meg som ein toåring. Ingenting er betre enn urørt snjo, og kvite tre som heng med greinene. Å, endeleg kjem vinteren! 








Comments: 0



Frozen

  • 23.11.2015
  • 20:07











Comments: 1



Cold days

  • 21.11.2015
  • 15:44

I dag vakna eg opp til mange minusgrader, og eit teppe av frost hadde bredd seg over landskapet ute. Då eg skulle på Vangen ein tur i 12- tida var bilen så rima, og kvit at det tok fem lange og fem breide før eg i det heile tatt kunne sjå ut frontruta. Men til sentrum kom eg meg til slutt, og der var planen at eg skulle starte julehandelen. Skjedde det då?Eg fann ingenting av det eg var på leiting etter så eg labba tomhendt ut i den iskalde bilen att, og tura heimover. Det får bli med heile driten fram til den årlege førjulsturen vår til Åsane, tenkjer eg. So much for å prøve å starte litt tidlegare i år...

No skal eg straks rydde meg kjapt igjennom huset, dekke på bord og ordne noko mat før eg så set meg i bilen for å hente Kersti på Busstoppen. I dag fekk meg endeleg til å møtast igjen, og det var ikkje ein dag for tidleg etter mi meining. Me hadde det jo så kjekt saman medan me gjekk på Husflidsskulen så å berre la venskapet gli heilt bort hadde vore litt for dumt. 

Ha ei fortsatt fin helg! No må eg springe rundt med støvsugaren skal eg røkkje alt. Heihåå!


Nike Free 2.0 - Schuh // Coat - Anita Ukvitne, Zoe Fiedel, Chloe Cinamon // Skirt - Anita Ukvitne // Sweater - Dale of Norway // Beanie - Idioma UK





Comments: 1



One month

  • 19.11.2015
  • 20:47

I dag er det faktisk ein heil månad sidan eg byrja å jobbe hjå Dale of Norway. Altså, kvar har alle dei dagane blitt av liksom? På tida eg har vore ein del av Dalegjengen, har eg fått vore med på mykje interessant. Deriblant ein tur til Storefjell i forrige veka i samband med salgsmøte, og presentasjon av den nye kolleksjonen. Eg kjenner at eg kanskje har vore litt ekstra sliten då det har vore mykje nytt å setje seg inn i, men no byrjar eg å kome inn i ulike ting, og rutinar(stå opp tidleg kvar dag, blant anna), og eg gledar meg til kvar dag, og oppgåvene eg får bryne meg på. 

Eg veit at blogginga har blitt nedprioritert på grunn av jobben, men slik må det berre bli. Nokre dagar har eg rett og slett ikkje overskudd til å slite meg igjennom skrivesperra for å få ned nokre vettige setningar på "papiret." Eg kjenner sjølvsagt på det dårlege samvitet av å alt for sjelden trykkje på publiser- knappen, men eg veit at det er betre om eg innimellom kan få ut nokre innlegg med ok+ innhald enn at eg kvar dag skal presentere idiotiske innlegg som ikkje heng på greip, skrive medan eg slengjer alle moglege gloser rundt meg fordi motivasjon og inspirasjon ikkje er på plass når eg treng det. Det er verkeleg ingenting som er verre for ein bloggar enn når skrivesperra viser den djevelske sida si, og alt av motivasjon og inspirasjon renn ut mellom fingrane på deg utan at du kan gjere ein skit. 



Today it's actually one whole month since I started working at Dale of Norway. Where the hell did all those days go? Since I started I've got to take part in a lot of interesting things. Like a trip to Storefjell last week for the sales meeting and presentations of the new collection. My energy level hasn't been 100% lately as it's been tiring with all the new information, but I'm finally getting the hang of things (like getting up early every morning), and I walk around like this excited little kid, looking forward to all the projects I get to be part of. 

I know that blogging hasn't been on top of my priority list this last month because of my job, but that's just how it's gotta be. Some days I just don't have any energy left to sit down and defeat the writer's block to get a couple of sentences down on "paper." Of course I feel bad for not pressing the post button a bit more often, but I'd rather have a couple of ok+ posts than one every day that doesn't even makes sense, and that's written while I swear the shit out of life because every ounce of motivation and inspiration left me when I needed it the most. There's really nothing worse for a blogger than when the devilish thing called write's block slap you in the face and the last drop of inspiration slips through your fingers and you can't do shit to prevent it. 


Comments: 1



Busy bee & glitter

  • 05.11.2015
  • 21:11

Det går kast i kast for tida, både på jobb og på privaten. Eg snakka ofte om kor fort tida gjekk før eg byrja å jobbe, men no som eg reiser på jobb kl. halv åtte om morgonen, og ofte ikkje er heima før i fem, halv seks tida om ettermiddagen, og då skal til med andre gjeremål så fyk tida rett ut vindauga. Det er mørkt ute når eg reiser om morgonen, og så godt som svart når eg kjem heim att, noko som resulterar i meget lite bilete med god nok kvalitet til bloggen. Og lite bilete betyr òg lite innlegg, då det er fyfy å publisere innlegg med dårlege eller ingen bilete. Det er vel ikkje spesielt spanande for dykk å lese om livet mitt på jobb, dag inn og dag ut, heller? Forhåpentlegvis er det ingen som stryk med i mangel på lesestoff i form av blogginnlegg.

Over til noko heilt anna, i dag åpna (endeleg) H&M på Voss, og eg tok sjølvsagt turen innom etter jobb. Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg så kjem kjærleiken min for glitter snikande kvart år ei stund før jul, og då var det sjølvsagt ein del som vekte interesse på H&M. Under ser de nokre av favorittane, og det er fare for at noko av det under her får kome heim i skapet i næraste framtid. Lenge leve glittrande partyklede! 



//hm.com

I'm busy, busy, busy at the moment, both at work and at home. You might remember how I used to talk about time flying by too fast, and that was before I even started working. Now I feel like it's passing by at the speed of light, and it's dark when I leave for work in the morning at 7.30 and dark when I get home in the afternoon. The dark means little to no good photos for the blog, which again results in less posts. Unfortunately. But who want's to read about my days at work all day err day, anyway? 


But over to something completely different; today H&M opened their first shop here in Voss and of course I had to pay them a visit after work. Nothing else than two pairs of tights came home with me this time, but the shop was full of glitter and glam to fall in love with. Some of the things above might end up in my wardrobe eventually. Gotta love some glittery party clothes for christmas. 



Comments: 2



On repeat

  • 03.11.2015
  • 13:02



 


Comments: 0



Silver Sunday

  • 01.11.2015
  • 20:50

Hei, og god kveld i stuggu. 
Det er sundag, det er 1. november, og eg startar nedteljinga til jul med denne metallisk- inspirerte kollasjen. Som høgtida nermar seg, kjem kjærleiken min for metalliske fargar, glitter og paljettar krypande, og i år, som alle andre år, kjem eg til å tråle nettbutikkar etter inspirasjon for den perfekte jule- og nyttårskjolen. 


//atinaanita.tumblr.com


Yo, good evening peeps! 
It's Sunday, it's November 1st and I'm starting my Christmas countdown with this metallic- inspired collage. As the Christmas season is getting closer, my love for metallic colours, glitter and sequins appear, and this year, as every other year, I'll be visiting lots and lots of websites to get inspiration for my Christmas and new years dress. 


Comments: 0



hits