Cars

  • 31.10.2015
  • 13:43

Her for nokre kveldar sidan var eg i garasjen i arbeidsklede, og med skitne hender, tenk. Det var nemleg tid for å skifte til vinterdekk, og sidan eg har (trommevirvel) kjøpt meg min eigen bil var det sjølvsagt at det var eg som måtte ta meg av den jobben. 

For ja, du las riktig, eg, Miss Anita Ukvitne har kjøpt seg bil. Det heile skjedde ganske så fort då me i forrige veka kom over ein bil på finn.no som verken var spesielt dyr eller hadde gått så alt for langt. Det er sjølvsagt ingen ny bil då det er langt unna det eg kan ha råd til, men så lenge den får meg til og frå jobb i nokre år så er det vel det som tel? Riktignok ser det ut som ein ordentleg bestefarbil, så det gjer ein smule vondt i bilhjarta, men skulle eg ha venta med å kjøpe meg bil til eg hadde hatt råd til ein av favorittbilane så måtte eg nok ha venta i evig tid. Ein må jo starte ein plass, og då vart det ein god, gamal Toyota Corolla. 

Den fyrste bilen eg køyrde rundt i etter at eg fekk sertifikatet for gode 4 og eit halvt år sidan var intet anna enn ein Toyota Corolla, og det var racerbilen min heilt til den rusta vekk, og måtte vrakast, så no gjenstår det berre å sjå om den nye Corollaen når opp til det same racerbilnivået. 





The other night I was out in the garage in old clothes, with messy hair and dirty hands, can you imagine?! It's this time of year again where it's time to change from summer tires to winter ones and since I've recently (drum roll) bought my own car it was my job to do it. 

Yes, Miss Anita Ukvitne has bought her own car. It all happened quite fast when we last week found a car online that was cheap without having gone too far. There was hardly anything wrong with it and so, even thought it's no super fancy car, I bought it. It's sort of an old granddad car, and it hurts my car heart just a little bit, but as long as it can get me to and from work for a couple of years that's all that matters, right? You gotta start somewhere and for me it starts here, with this Toyota Corolla. 

The first car I drove around in after I got my drivers license, more than 4 and a half years ago, was also a Toyota Corolla and it was my super race car until it consisted of mostly rust and was sent to the wrecking yard for his last hours. Now I'm excited to see if this Corolla will be my new race car or not. 


Comments: 0



Pink

  • 25.10.2015
  • 17:48

God sundagskveld folkens! 
I natt var det tid for å stille klokka ein time tilbake til vinterstid, og jammen kom ikkje vinteren samstundes. Då eg åpna gardinene i dagtidleg var alle fjelltoppane, så langt auga kunne sjå, kvite. Snøen har ikkje kome heilt ned til oss her, men ein skal ikkje langt opp før regn blit til sludd og snø. Sidan det har vore såpass surt utandørs har eg brukt dagen inne i det nye favorittsettet mitt frå Kari Traa, rosa frå topp til tå er jo heilt etter boka.
Resten av sundagen skal eg bruke på å strikke, bake og kose meg. Riktignok har eg kosa meg i heile dag, men no er resten av familien komen heim og inn att, så då blir det karamellpudding og kaffikos med dei. Håpar de har hatt ei alletiders helg, og er klare fo den nye veka. 



Happy Sunday peeps! 
Last night we turned the clock back one hour to winter time, and the winter showed his face at the same time. When I woke up this morning and looked out the window, the mountains around me were all white. Like, proper white white. We haven't got any snow here yet, but we don't have to travel far to get to it. Since the weather was quite bad today I decided to stay indoors in my new favourite clothes from Kari Traa. Pink from top to toe is totally legit. 
The rest of this Sunday Imma use for knitting, baking and chilling. The family is back inside as well, so we'll chill together and have caramel pudding and coffee for dessert. Not a bad day. 

Hope you've all had a great weekend and are ready for the new week.


Comments: 2



Details

  • 23.10.2015
  • 21:19

Gud, så tida flyg altså! Plutseleg har det blitt fredagskveld, og eg er allereie ferdig med den fyrste veka mi hjå Dale of Norway. Det er utruleg spanande og interessant, så eg satsar på at det fortset i same dur. 

Forrige veka hadde eg for meg noko voldsomt med organisering, rydding og vasking, og tok i same slengen nokre detaljbilete av rommet mitt her heima. No har eg to rom som er mine, men det dykk ser på bileta under er der eg tilbringar mest av tida mi, sett vekk frå når eg søv og syr. Eg kjenner at eg gledar meg mer og meir til å få noko som er mitt eige, som eg kan innreie og styre med som eg vil. Leilegheita mi vert nok ein god blanding av fargerikt stæsj, skandinavisk minimalisme og 70 tals inspirerte møblar, så det kan jo bli spanande det. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at eg elskar interiør, og kjem til å ta heilt av med blant anna diy- prosjekt når eg har noko eige som skal dekorerast. 

God helg forresten, eg skal prøve så godt eg kan å kome med nokre fleire oppdateringar desse dagane. Eg har allereie merka at det ikkje blir mykje tid til bloggen i vekedagane no som eg jobbar frå 8-4 ++, og i tillegg skal sosialiserast og halde orden på privatlivet. 











Comments: 0



Work hard

  • 20.10.2015
  • 19:36

God kveld i stuggu! 

Eg har ikkje snakka så mykje om jobb, og sånn her på bloggen etter at eg slutta på skulen i juni, sjølv om det i grunn er det som har stått i hovudet på meg 24/7. Jobbsøknadnar, jobbintervju, åpne søknadar, epostar og telefonsamtalar.... Eg ville ikkje lage meg for store forhåpningar i tilfelle det ikkje dukka opp noko på ei stund, då eg ikkje akkurat har tatt utdanning innan eit område der det er flust i ledige jobbar. Sjølvsagt har eg gått rundt med ein stor draum, eit lite håp og kryssa fingrar om at ein jobb eg ville ha, og har utdanning til, skulle dukke opp, men eg å leggje ut om det i hytt og pine her på bloggen har eg ikkje gjort av den grunn at det er ingenting som har vore 100% sikkert. Det er fram til no...

I går hadde eg nemleg min fyrste dag i ny jobb. For eit par veker sidan var eg på intervju hjå Dale of Norway, og nokre dagar seinare sat eg med eit jobbtilbod i hendene. Herregud og hurra! Heldigvis for meg, som har levd eit slaraffenliv, og kjeda meg kraftig den siste tida ville dei ha meg til å byrje allereie denne veka, noko eg sjølvsagt ikkje klaga på. Eg hoppa ut i det, og har kosa meg veldig desse to fyrste dagane. Det har vore mykje nytt, men eg gjere så godt eg kan med å setje meg inn i ting, hugse, og lære. 

Å få denne jobben, som den fyrste jobben etter endt utdanning, er meir enn eg faktisk har tørd å håpe på, og at det i tillegg ikkje er lenger veg til fabrikken på Dale enn at det tek meg ein halvtimestid å køyre betyr at eg kan fortsetje å bu på Voss. Er det lov å vere glad eller?! Det er eit sikkert teikn på at hardt arbeid lønar seg, sjølv om det kanskje tek litt tid. 


//Weheartit.com



Good evening peeps! 

I haven't talked much about work and stuff like that on the blog after I finished uni in June, even though that's what's been on my mind 24/7. Job applications, job interviews, open applications, emails, phone calls... I didn't want to get my hopes up in case nothing appeared for a while, because let's be honest, I haven't got an education where there's lots of jobs waiting. Of course I've been dreaming, hoping and crossing all my fingers that something would come up, but bloging about it was something I didn't want to do as nothing has ever been 100% certain. That's until now...

Yesterday I had my first day at my new job. A couple of weeks ago I had an interview at Dale of Norway, and a few days later I had a job offer in my hands. Oh my god and yay! Luckily for me, who've been living a slacker life and been quite bored lately, they wanted me to start as soon as possible, which I of course didn't mind. I jumped into it, and I've had two great days there already. It's a lot of new things to get into, but I'm doing my best learning and remembering. 

To get this job, as the first job after finished education, is more than I would let myself hope for, and the fact that it doesn't take me more than half an hour to drive to the factory in Dale means I can keep living here in Voss. Am I aloud to be happy or what?! This is a perfect sign that hard work really does pay off, even if it takes a while. So people, stay positive, work hard and make it happen! 



Comments: 0



A fall favourite

  • 16.10.2015
  • 10:36

Her for nokre kveldar sidan fekk eg akutt lyst på eplemos på brødskiva, og med ei heil kasse norske epler på kjølen var det ingenting som stoppa meg. Klokka 22. sette eg i gang med skrelling og koking slik at eg morgonen etter kunne stappe i meg heimelaga brød med heilt fersk eplemos. Gjett om det var godt då. 

No er uheldigvis det heimelaga brødet oppete, så då blir det nok litt baking på meg i dag. Det er jo faktisk ingenting som slår heimelaga brød, spesielt når det er heilt nysteikt. 



The other night I was craving applesauce, and so, with a whole box full of fresh Norwegian apples in the fridge there was nothing stopping me. At 10 in the evening I started peeling and boiling the apples and the morning after I could have homemade bread with applesauce for breakfast. Believe me when I say it was delicious. 

Unfortunately we've finished all the homemade bread by now, so I'm thinking I might do some baking today. There's nothing better than homemade bread, fresh out of the oven. 


Comments: 1



Throwback

  • 15.10.2015
  • 19:57

...til august når dei britiske babesa mine var på besøk, og me klatra på Voss bokstavane i sentrum. Det er nesten ikkje til å tru at det allereie er to månadar sidan eg såg dei sist. Det er heilt sjukt kor fort tida flyg, og kor annleis denne hausten er, og blir, i forhold til i fjor då er var i L-town saman med desse fine skapningane. Heldigvis er dei berre ein skypesamtale (og eventuelt ei totimars flyreise) unna, og dei er alltid med meg i både tankar og hjarta.


//Picture borrowed from Becca

... to August when my British babes came to visit and we climbed on the Voss sign in town. I can't believe it's already been two months since I've last seen them. It's crazy how time flies, and also how different this fall will be compared to last year when I was in L-town with all of these lovely creatures. Luckily they're just a skypecall (or a two hour flight) away, and they're always with me in my thoughts and heart. Missin' them crazy girls. 


Comments: 0



Cold & Happy

  • 14.10.2015
  • 18:03

I natt kraup temperaturen ned på minussida, og då eg vakna i dagtidleg var det eit tynt frostlag på alt ute. Eg kunne ikkje vore meir i ekstase. Små barn, store gleder, er det ikkje de dei seier?

Skodda låg som eit teppe over bygda, og eg pakka meg godt inn i hure og favorittskjerfet frå Portobello Road marked før eg sette meg i bilen og tura til sentrum. Eg hadde eit heil liste med gjeremål på Vangen i dag, men kom sjølvsagt heim att før alt var ordna då eg vart så helvetes lei av å labbe frå butikk til butikk; fryse medan eg var ute, og sveitte så fort eg kom innom ei dør. Herregud.

Ikkje før ein liten time etter at eg var komen heim byrja skådda å lette, og sola titta fram til oss atter ein dag. Hurra! Saman med sola kom òg ein voldsom trang til å rydde og vaske, så no har både kjøkken, gang og vindfang fått seg ein omgang. Straks skal eg ta fatt på rommett mitt òg, litt støvtørking trengst ser eg. Eg er ingen fan av å ha hybelkaniner buande, men dei dukkar jo søren meg opp rett som det er, sjølv kor mykje ein vaskar, støvsugar og styrer på. Dei som kjenner meg veit at eg heller ikkje er spesielt glad i rot, og når eg fyrst får det for meg då skal alt vere perfekt. Me snakkar brettekantar her og brettekantar der, rette linjer og alt på sin plass. Over gjennomsnittet glad i organisering sa du...


Leather jacket - Topshop // Blouse - Bikbok // Cardigan - Monki // Scarf - Portobello Road Market // Beanie - here // Boots - Eurosko






Last night the temperature went below 0, and when I woke up this morning everything outside had a thin layer of frost on it. I couldn't be any happier.

The fog was like a blanket over the village, and I wrapped myself up in a beanie and the favourite scarf from Portobello Road Market before I drove to town. I had a long, long list of things to do in town today, but I ended up going home before everything was done because I got so fuckin' sick of walking from shop to shop; freezing when I was outside and sweating as soon as I entered a new shop.  Oh my god!

Only about an hour after I got home the fog started disappearing and the sun came through, shining on us yet another day. As the sun came, so did a massive urge to clean, and so now both the kitchen the hall are shining. I'm about to start my room as well, it's about time I wipe away some of the dust in my windowsill. I'm not a fan of dust bunnies, but they tend to turn up no matter how much you hoover and clean. Those of you who know me quite well also know that I'm not a fan of messy surroundings, and when I first get the urge to clean everything has to be perfect. We're talking fold edges here and fold edges there, everything lined up and in it's place. Just a bit above average when it comes to organising...


Comments: 3



A waistcoat

  • 13.10.2015
  • 11:07

Etter å ha blitt nedprioritert gong på gong har eg no endeleg kome igang med vesten til bror. Han fekk gåvekort hjå meg til bursdagen (i april), og då me var i London i sommar valde han seg ut stoff. Det vart eit knallblått silkestoff med mønster i marineblå, som går perfekt til både den mørkeblå dressen hans, og sløyfa av mørk dongeri som eg sydde til han tidlegare. Under ser de illustrasjonen av vesten, og så snart sjølve vesten er ferdig, og eg får tvinga bror med på photoshoot kjem det bilete av det ferdige resultatet.

Enn så lenge går det bra med prosjektet, og etter ein del prøving har eg fått den til å sitte ganske bra. Hallelujah og amen. Martin er nøgd, så no gjenstår det berre å klippe ut, og sy alt i det ferdige stoffet. Æææ! 








Comments: 0



Sol og smil

  • 10.10.2015
  • 13:39

I gårkveld då eg skulle legge meg vart eg liggjande vaken og høyre på nokre hjortebukkar som bura verre enn verst. Makan til frekkheit?! Å bure så høglytt meiner eg, når naboane var på veg i seng. Heldigvis har eg eit godt sovehjarta, så det tok ikkje lange tida før eg var i drøymeland. 

I dag vakna eg til den nydelegaste haustdagen på lenge. Med sol og knall fargar på alle trea var eg nøyd å ta meg ein tur ut for å fotografere litt. Eg våga meg fyrst ut i berre skjorte, men fann fort ut at det vart litt i kjøligaste laget, og strikkegensaren fekk kome på. Eg går rundt og smiler frå øyre til øyre for tida. Det er spanande ting som skjer i livet mitt, i tillegg til at Mr. Mac er oppe og går igjen, med ny ladar som kom i posten på torsdag. Hurra.  

No skal eg kokkelere meg ein god lunsj før eg køyrer meg ein tur ut på hytta. Det fine vêret må nytast på favorittplassen min; fjellet. 







Comments: 0



Skattejakt

  • 03.10.2015
  • 12:24

For ein del veker tilbake var eg ein tur på Fretex, og der fann eg både det eine og det andre som eg forelska meg heilt i. Før eg visste ordet av det vandra eg ut av butikken med både det eine og det andre i posen. Enn så lenge blir det liggjande i kasser saman med alle dei andre tinga mine, men den dagen eg får min eigen plass å bu blir det kaffi all day, everyday i desse herlegheitene her. Kva eg skal bruke krukka til er eg endå litt usikker på, men når eg finn den perfekte plassen for den kjem nok innhaldet automatisk. 

No som eg ser på bileta kjenner eg at eg snart må ha meg ein ny runde med skattejakt på Fretex. Det er jo nesten ingenting som er kjekkare enn å leite seg igjennom gamle ting på leit etter noko heilt spesielt. 








Comments: 0



Hello October

  • 02.10.2015
  • 14:26

Long time, no see! Det er sikkert og visst.

Eg skal ikkje kome med meiningslause unnskyldningar, når eg i bunn og grunn berre har vore utan motivasjon ei stund. Men i går var det 1. oktober, og i det oktober kom inn døra, kom òg bloggmotivasjonen noko tilbake, og eg håpar at eg snart får den nye ladaren min i posten slik at eg kan ta i bruk Mr. Mac att, og får publisere ordentlege bilete. 

Uansett, som eg nemde er det oktober allereie, og det merkast både på temperaturen og naturen. Sjølv om det i år heng litt etter grunna den seine sumaren me har hatt her på vestlandet, så byrja det å bli litt fargar på trea og elles. Då Sigrid og eg gjekk på fjelltur på laurdag var det ordentleg surt og kaldt, og på toppen av det heile byrja det å hagle i det me sette oss ned med kakao og nistepakke. Just our luck. Utsikta me hadde frå Horn (Hodn), når skodda ikkje låg som verst, viste i tillegg at det var kome nysnø på ein del av Vossafjella. Heldigvis har me ikkje fått snø her endå, og forhåpentlegvis blir det ei stund til den kjem. Sjølv om eg gledar meg som ein idiot til vinter (som alltid), er eg veldig glad i hausten òg, og får aldri nok av den friske, gode haustlufta. Det er verkeleg noko heilt eige over den. 






Long time, no see. That's for sure. 

I'm not gonna give you any meaningless excuses, when really it's my motivation that's been missing. But yesterday was October 1st and as October walked through the door, so did some of my motivation. I'm now hoping that I'll get my new charger one of the upcoming days so that I can start using Mr. mac again and finally be able to post proper photos and have my motivation back 100%

Anyway, as I mentioned, it's October already and that's noticable in both temperature and nature. Even though it's still quite green because of the late summer we've had here in the west of Norway, the trees are starting to turn orange and yellow. When Sigrid and I went hiking on Saturday it was cold and definitely not summery anymore and to top everything off it started hailing just as we were sitting down to enjoy our hot chocolate. Just our luck. The view we had from the top also showed signs of colder weather, as some of the mountain tops had fresh snow on them. Luckily we haven't got any snow here yet, and I hope we can keep it that way for a while. Even though I'm an overly excited idiot when it comes to winter, I love fall as well and I can never get enough of the fresh, cold air. There's something magic about it.


Comments: 1



hits