Ain't no mountain high enough

  • 22.09.2015
  • 22:00

God kveld i stuggu!

I dag har eg gått rundt å tenkt at det er mandag, eg kobla ikkje ein gong at det var tysdag sjølv då eg plukka opp lokalavisa i postkassa. (den kjem berre ut tirsdag, torsdag og laurdag) Mamma og pappa har nokre ekstra dagar fri denne veka så i går var eg med dei på fjelltur, noko me som oftast driv med på sundagar. Så der har du nok grunnen til at eg har hatt mandagsfølelse i dag, for i mitt hovud var det jo sundag i går...

Turen vår starta frå Skaftedalen, opp mote Skykkjeset og vidare til topps på Horndalsnuten, 1461 meter over havet. Eg har aldri vore opp der før så det var litt av ei oppleving, og ei utsikt som det du hadde der skal du jaggu leite lenge etter altså. Me var superheldig med vêret og me såg fjelltoppar som bada i sol uansett kvar me snudde oss. Men det skal seiast at sjølv om det var sol, var det òg ein bitande kald haustvind på toppen, og eg angra grådig på at eg ikkje hadde med meg rett i koppen kakao i sekken. Heldigvis hadde eg mykje gode klede med meg, og i det me byra å bevege oss nedover fjellsida på heimatt vegen kom varmen heilt ut i fingertuppane mine att.  

Onsdag i forrige veka var eg òg på fjelltur, denne gongen var eg heilt for meg sjølv (om de ser vekk ifrå Ronja), og formen var så langt i frå på topp som den nokon gong har vore. Eg var heilt slått ned i støvlane og brukte alt for lang tid på ein tur som aldri ville tatt så mange timar hadde eg hatt ein god dag. Eg kan med handa på hjarta seie at eg aldri har vore så sliten som det eg var då, sjølv om turen eg var på i går var mykje lenger enn denne. Då eg byrja å gå var heller ikkje planen å ende opp på topptur, men eg burde jo kjenne meg sjølv godt nok no, etter 22 år, til å vite at om eg ser ein topp eg faktisk "berre nett" opp der. Denne dagen var det Tjørnahorgi(1047 moh) eg enda opp på, som er ein av mange toppar på Gråsida. Eg gjekk heima ifrå, via Sandfjellet, og enda til slutt opp der, etter mykje surring, stopping og leiting etter sti. 








Comments: 0



Colours & chargers

  • 18.09.2015
  • 11:12

Fyrst og fremst må eg beklage for stillheita desse dagane. Det har seg nemleg slik at ladaren min tok kveld på tysdag, og ikkje lenge etterpå var Mr. Mac tom for batteri og sa takk og farvel. Det er jo ikkje synd i meg då eg har ein ekstra laptop liggjande som eg fullt brukande, men bloggmotivasjonen døydde saman med ladaren, for eg har blitt avhengig av Photoshop til å redigere bloggbileta mine, og på denne laptopen har eg null niks biletredigeringsprogram. Når det er sagt så er eg no på jakt etter ein ladar, og eg kryssar fingraneg for at det snart går i boks slik at eg er tilbake på topp. Nok om det. 


I forrige veka då eg sydde løparane til barnehagen fann eg òg eit anna stoff som mamma hadde hatt med seg heim. Dette visste ho ikkje heilt kva ho skulle bruke til, men eg fann ut at det kunne vere kult som putetrekk. På Jysk fann eg billige puter, og her om dagen sydde eg dei siste saumane. Mamma tok dei med på jobb dagen etter, og i fylgje tilbakemeldinga henner vart dei nøgd med resultatet.Hurra! I same slengen som eg sydde dei to til barnehagen fann eg fram noko stoff som eg lenge har tenkt at eg sjølv skulle lage meg eit putetrekk av, og vips så hadde eg fått meg ei ny, fargerik pyntepute òg. 





First and foremost I have to apologise for the lack of posts these last couple of days. Turns out my charger had a stroke on Tuesday and just a little while later Mr. Mac was out of battery and said goodbye. I don't really have anything to complain about though as I have another laptop that works just fine, but the blog motivation died with the charger as I always use Photoshop to edit my blog photos and on this laptop there's no editing program. When that's said I'm now hunting for a new charger and I'm crossing my fingers that it'll be sorted out soon so I can be back 100%. Enough said. 


Last week when I made the tablecloths for mum's job I came across some more fabric that she'd brought home. She didn't really know what to do with it, but I figured it could make for some awesome cushion covers. So I bought some cushions and the other day I finished the covers. Mum brought them to work the next day and from what she told me they were happy with the result. As I was working on them two for the kindergarden I dug out some fabric that I've been meaning to make into a cushion cover for ages and before the day was over I had myself a new, colourful cushion as well. Yay.


Comments: 0



Knit fast, die warm

  • 14.09.2015
  • 19:14

I går byrja eg endeleg på haustens store strikkepsrosjekt. Det er allereie ei heil stund sidan eg var å kjøpte meg garn og mønster så det var på høg tid å kome i gang. Planen er å strikke ein gensar, min fyrste gensar faktisk, og eg satsar på at eg blir ferdig før sumaren kjem til landet att. Om det skjer er ein heilt anna historie, for eg har aldri hatt eit så stort strikkeprosjekt før, og heller aldri strikka noko særleg mønster. Ei morosam utfordring vert det i alle fall, og no strikkar eg så radig at det går varmgang i pinnane. Fargane er dei to på bilete under; eg har forelska meg heilt i den gulgrøne fargen. Ahh, dette blir spanande! 



Yesterday I finally started my big knitting project. It's already been quite a while since I bought the yarn and the pattern so it was about time I got started. The plan is to knit a sweater, my first knitted sweater ever, and I hope to finish it before summer comes back next year. If that actually happens is a different story because I've never had such a big knitting project before, neither have I knitted a lot of patterns before. It'll be a fun challenge, that's for sure and at the moment I'm knitting like a boss. The colours are the once you see in the photo above; I'v fallen in love with the yellow green colour. Ahh, exciting times!


Comments: 1



Html

  • 14.09.2015
  • 13:57

Som de ser har eg jobba litt med utsjånaden på bloggen den siste tida. Eg vart så utruleg lei slik den vart, etter å ha hatt den uforandra i noko som føltes som hundre år. MEN, eg er så absolutt ingen html- ekspert og det vart difor ein del surring og problematikk før eg rett og slett berre måtte seie meg ferdig. Det vart ikkje heilt slik eg hadde sett for meg før eg byrja, men det er i alle fall betre enn det var.

Forandring fryder og alt det der. 

Eg fekk til og med teke eit bilete som eg vart nøgd med til header, og det er ikkje ofte det skjer skal eg seie dykk. Kor lenge eg orkar å sjå på det er derimot ein heilt anna sak, men eg kryssar det eg har av fingrar og tær for at eg held ut med dette designet ei stund no. Det er så irriterande, og eg vert så sveitt og frustrert av å sitte å klure med sider fulle av boksavar og kodar som eg ikkje skjønar ein døyt av. Og når eg ikkje får det til slik eg vil kjenner eg at eg får lyst å kaste heile Mr. Mac ut vindauga. Uff. Html- kodar ass, det er ingen ven av meg i alle fall. 





As you can see I've been working on the look of my blog lately. I got so incredibly sick of the way I had it and it felt like a hundred years since I last changed it. BUT, I'm far from being a html- expert and so I stumbled across a couple of problems along the road until I just had to put it away and call it done. It didn't turn out exactly the way I'd imagined it before I started, but at least it's better than it was. 

I even got a photo taken that I was happy enough with to use as a header, and this doesn't happen too often. How long I'll feel like having it this way is another story, but I'm crossing both fingers and toes and hope that I'll be able to put up with this design for a while. It's very frustrating trying to work with html codes when I don't understand shit and nothing turns out the way I want it to. At times it makes we want to throw Mr. Mac out the window. No joke. Html codes- definitely no friends of mine. 


Comments: 1



Sundaze

  • 13.09.2015
  • 16:39


//atinaanita.tumblr.com


Comments: 2



September Summer

  • 10.09.2015
  • 15:22

Så var det torsdag allereie, og snart helg. Hurra!
Sommarvêret ankom Voss omtrent samtidig som den fyrste hausmånaden, og det har vore varmt og sol i fleire dagar i strekk. Eg klagar så absolutt ikkje, for det betyr at eg kunne få ta i bruk den nye sommarkjolen min som eg kjøpte i Bergen for snart to veker sidan. Det er ingenting som slår det å gå i kjole utan strømpebukse. Men sjølv om det er varmt om dagane er det ikkje mykje å skryte av tidleg om morgonen. Då er det ikkje stort meir enn 5- 6 grader, og den kjølige, friske haustlufta gjev ein gåsehud til langt opp under øyrene. På mandag måtte eg til og med finne fram eit av dei tjukke skjerfa mine for då var det k.a.l.d.t (!)

På tirsdag var eg innom Fretex og kom ut att med tre nye bøker til rett under 70,- Altså, det er jo heilt klart Fretex som er plassen å gå om ein ikkje ynskjer å ruinere seg heilt av å kjøpe nokre bøker. No skal eg ta med meg ei av desse bøkene, sette meg ut i sola ein god halvtive før eg må byje på middagen, og kose meg. Ein veit jo aldri kor lenge dette herlege vêret varar så det skal nytast medan det er her. 




Cardigan & Dress - Monki // Lace Socks - Primark // Shoes - Din Sko




Comments: 1



Wednesday sewing

  • 09.09.2015
  • 14:54

Happy onsdag folkens!

I dagtidleg  fekk eg valdsame sy abstinensar, og gjekk i gang på syrommet med godt mot. Eg fann fram noko stoff som mamma hadde liggjande som tilhøyrer barnehagen ho jobbar i, som det lenge har vore planar om at ho skulle sy løparar av. Sidan ho aldri har kome so langt, tok eg saken i eigne hender og vips så hadde eg tre fargerike, ferdige løparar liggjande framfor meg. Åå, eg kjenner det er så godt å sitje bak symaskina og lage noko heilt eige. Eg vert heilt i hundre, og smiler frå øyre til øyre. 

No gjenstår det berre at dei får dei bort i barnehagen, og forhåpentlegvis vert dei nøgd med resultatet. Eg synes i alle fall sjølv at dei vart veldig søte, og kan enkelt friske opp eit ellers kjedeleg bord. 



Happy Wednesday peeps! 

This morning I got major sewing withdrawal, so I headed to my sewing room in a hurry and twisted my brain for something to do. I found some fabric that mum brought home from work a while a go that she was meant to make some tablecloths out of. Since she never got around to do it herself I put matters into my own hands and in the blink of an eye I had three, colourful, all done, tablecloths before me. 

Now, all that's left is bringing them back to the kindergarden and hopefully they'll be happy with the result. I think they turned out really nice, and they'll freshen up a boring table in no time. 


Comments: 0



.

  • 07.09.2015
  • 21:13



//weheartit.com


Comments: 0



Frå topp til tå

  • 03.09.2015
  • 08:30

Hallaisen, og god morgon! 
Ute er det blå himmel og sola skin, med andre ord er vêret heilt etter boka. Tursekken min står klar, turkleda har fått kome på og straks skal eg hive meg i bilen og suse bort i barnehagen der mamma jobbar. I dag er eg nemleg så heldig at eg skal få vere med dei på tur til fjells. Hurra. Det er jo greit å ha litt selskap av og til når eg skal på tur, sjølv om eg er veldig glad i mitt eige selskap og stillheita i naturen. Så veldig stille blir det nok ikkje i dag då ein heil saueflokk med barnehagebarn skal oppover ein liten sti, men så er ikkje barneprat- og latter det verste ein kan høyre på heller.

I går vart eg plutseleg meir opptatt enn det eg i utgangspunktet hadde tenkt, noko som resulterte i at eg ikkje hadde tid til bloggen. Blåbærplukking med mams vart prioritert på ettermiddag og kveldstid, og tidlegare på dagen var eg på Vangen og ordna med forskjellige ting i tillegg til mitt daglegdagse rituale: jobbsøknadsskriving. Sjølv om vêrmeldinga sa regn, regn og atter regn for i går titta likevel sola fram utpå dagen og eg tok meg ein liten fotoseanse i dagens antrekk. Det blei heilsvart, og er det noko eg alltid føler funkar så er det nettopp heilsvart frå topp til tå. 

No må eg turbokoke litt kaffi som eg skal ha med meg på turen, og så pratast me another time. Ha ein superduper dag! 


Bukse og t-skjorte - h&m // Nike free run 2 - Schuh // Casio klokke - Urban Outfitters


Comments: 0



1. september

  • 01.09.2015
  • 19:53

I dag gjekk turen frå Nordre Hamlagrø, opp til ein liten topp kalla Søtosten. Det er ingen lang tur, men var akkurat passe i dag då vêret ikkje var heilt på mi side. Eg har ikkje gått denne turen på mange, mange år så eg hugsa ikkje heilt kvar eg skulle gå, og mista stien medan eg gjekk over ei myr og dermed blei det litt surring mellom busker og kratt for å finne stien att. 

Medan eg fôr å surra kom eg over eit område som var fullt av gigantiske, fine blåbær. Eg klarte berre ikkje gå forbi utan å plukke litt, men hadde sjølvsagt ingenting med meg som var tiltenkt bærplukking så nisteboksen måtte duge, og nista vart plassert i ein liten plastpose eg fann i sekken. Man tager vad man haver, er det ikkje det dei seier? Blåbær blei det i alle fall, og eg kom meg til topps akkurat i det regnet ankom. Hurra... Det blei ein våt lunsj då eg ikkje hadde tatt med meg regnjakke, og etter å ha fått i meg nista skulle eg i grunn ynskje at eg hadde både hue og vottar i tillegg til den ikkje eksisterande regnjakka. Eg tenkte for meg sjølv at det er jaggu ikkje mykje som minner om sommar, før det plutseleg gjekk opp for meg at det er 1. september i dag og offisielt fyrste haustdag. Sjølv om finvêret og varme temperaturar kanskje ikkje er heilt over for i år, er i alle fall sommarmånadane forbi, og hausten er på veg. Men eg er klar eg, og i morgon skal eg på Garnsenteret for å hente ut noko garn eg har bestilt, for no skal det strikkast! 








Comments: 0



Nytt i skapet

  • 01.09.2015
  • 10:55

Som eg nemnde i eit tidlegare innlegg skulle mamma og eg til Bergen ein tur i går. Etter mykje om og men då me sundag kveld fann ut at det ikkje gjekk tog mellom Voss og Bergen frå 08.00 og utover bestemte me oss like godt for å reise allereie med halv åtte toget slik at me slapp å styre med buss og tull. Etter ein god time mellom fjord og fjell, gjennom utallege tunnellar, var me på plass i Bergen, med god frokost på kafe før me starta shoppinga. 

Planen var å fornye haustgarderoben litt, men i staden kom eg heim att med ein sommarkjole... Den var jo på salg! Så sånn går nu dagan. Neidå. Jodå. Eg fekk i tillegg med meg ein lang cardigan, ein topp, eit par med sko og litt nytt undertøy. Sportsbh som stod på toppen av innkjøpslista kom eg sjølvsagt heim att utan. Herregud. Så eg sit her å lurar på om eg skal ta meg ein tur til Åsane ein dag i neste veke. Då kan eg jo slå to flyer i ein smekk ved at eg både får ordna med denne sportsbh situasjonen og i tillegg reise innom Stoff & Stil for litt dill dall som eg treng til prosjekt eg har planar om. Hmm

No skal eg straks ut i naturen på ein aldri så liten fjelltur, men fyrst må turkleda på, og sekken pakkast.
Ha ein fin dag folkens, så pratast me!


Kjole og cardigan - Monki // Topp - Cubus // Undertøy - Lindex // Sko - Din Sko






Comments: 1



hits