In the rain

  • 29.08.2015
  • 15:31






Jacket and pants - Stormberg // Sportstop and shoes - Nike


Comments: 0



Fit for fall

  • 28.08.2015
  • 10:35

Doing some imaginary shopping online, "filling" up my fall wardrobe. 


Nelly.com // H&M


Comments: 3



Leather & plaid

  • 25.08.2015
  • 15:13

Saman med tirsdagen kom regnet, og det har ausa ned i strie straumar frå eg stod opp i dagtidleg. Eg var akkurat ein liten tur på Vangen for å ordne nokre småting, og berre den vesle stunda frå bilen til eg var inne, under tak gjorde meg godt våt i håret. Heldigvis var eg lur før eg reiste, og kasta med meg regnjakka mi, og den kom godt med for å seie det slik. Den er god å ha den, og no blir den jo faktisk brukt òg, i forhold til då mamma kjøpte den til meg ein del år tilbake og eg fekk for meg at eg ikkje ein gong ville bli sett død i ei så knall blå jakke. No kunne eg ikkje brydd meg mindre om kva folk måtte tenkje om regnjakka mi, og blå har jo utvikla seg til å bli den fargen eg er mest glad i, så det er i grunn ein vinn vinn situasjon for min del. 

No skal det ryddast her i heimen, og klesskapet mitt skal få ein grundig gjennomgang. Neste mandag skal eg til Bergen med mamma for litt shopping så då kan det vere greit at det er litt betre plass i skapet i tilfelle eg får med meg heim nokre skattar til hausten. Slik det er i klesskapet mitt for tida er det eit stort puslespel når eg skal ha noko ut eller inn for det er i grunn ingen plass til overs, og det er stappfullt uansett korleis eg prøver å lirke det til. Eg brukar sikkert ikkje halvparten av det ein gong, eg har berre store problem med å kvitte meg med klede for klede er veldig viktig for meg, og kvart plagg har sin plass i hjarta mitt. I tillegg er eg ein helt på å snakke meg sjølv til "det kan jo hende eg får bruk for det ein gong", så eg er i grunn litt skeptisk til heile greia, men det er på tida å ta grep, så får me sjå kor mykje eg klarar å gje slepp på. 


Leather Skirt - Monki // Shirt & t-shirt - h&m // Nike Air Max - Office // Casio watch - Urban Outfitters


Comments: 2



1241 moh

  • 24.08.2015
  • 18:08

I går gjekk sundagsturen frå Tjoflot, opp til Oksen saman med mamma, pappa og eit søskenbarn av mamma med familie. Det var fyrste gong opp der for min del, og for ei fantastisk oppleving det var. Det var ekstremt varmt oppover den bratte fjellsida, men så utruleg verdt det når ein kom på toppen. Det åpna seg opp ei fantstisk utsikt i alle retningar, og med det vêret me hadde vart det nesten litt magisk. 

I dag har sola og sommarfeelingen forlete Voss, og det ser ikkje spesielt lovande ut framover. Me skal vel få igjen no etter så mange fine dagar med sommarvarme, men ein kan jo alltids håpe at shortsen kan få kome på att eit par gonger før ein må pakke den vekk for hausten og vinteren. Men for all del, hausten kan jo vere veldig fin den òg, og eg satsar på mange fleire turar utover før eg kan finne fram skia og fortsetje med fjellvandringa på den måten. 








Comments: 0



Summer tunes

  • 22.08.2015
  • 13:53






It's been a while since I shared some music with you guys, so I thought I'd give you a little idea of what I'm listening to this summer. I'm heading out to the cabin now, so enjoy the music and have a fab weekend. 

Comments: 0



Lazy summer days

  • 20.08.2015
  • 18:18

Vêret er herleg for tida; eg er heilt i ekstase kvar morgon eg vaknar opp til sol. Det er jammen ikkje mange slike dagar me har hatt i sommar, så no når det endeleg er her må det berre nytast til det fulle. I dag fekk ein av (alt for få) sommarkjolane mine kome på. Eg hugsar når eg fann den på Gina Tricot på Sørlandssenteret for nokre år sidan. Eg vart heilt forelska i formen og fargane, men var så usikker på om eg kom til å bruke den. Det vart så mykje att og fram at til slutt stod både Kristina og Tora å ropa: BERRE KJØP DEN! herregud... så då gjorde eg det, og jammen har den vorte flittig brukt. Ekstra kjekt er det når det er ein liten sommarbris ute medan eg har den på, for då blafrar den i vinden og eg føler meg nesten som ei prinsesse. Hurra! 

I dag inviterte eg meg sjølv opp til besta og beste på lunsj. Det var på tide å prate litt med dei att òg, no som dei er komne heim frå ferie i Sverige. Me prøvde oss på å sitte ute på verandaen, men sola steikte så kraftig at me til slutt måtte krype til korset og sette oss inn i stova att. No derimot, skal eg dra fram solsenga til ho mor og legge meg midt ute på plenen med iste og godt lesestoff. 





The weather is lovely at the moment; I'm in total bliss every morning I wake up to sun. We haven't had many days like this earlier this summer so now that we finally got proper summer we have to enjoy every moment of it. Today I put on one of my few summer dresses. I remember when I found it in a shop in Kristiansand a couple of years ago. I fell in love with the shape and the colours, but I wasn't sure if I would use it enough. I was clueless to whether I should buy it or not so both Kristina and Tora ended up yelling: JUST BUY IT! oh my god... so I did. And I must say it was a good purchase cause I've worn it quite a lot. I especially love it when there's a little breeze outside because it makes it really nice and flowy, and I almost feel like a princess.

Today I invited myself for lunch at grandma and granddads house. It was time to talk to them a bit again now, as they just got back from their holiday to Sweden. We tried to sit outside on the terrace for a while, but ended up having to go sit inside again because the sun made it unbearable. Now though, Imma dig mothers sun bed out from it's hiding place and lay down in the garden with some ice tea and a magazine. Gotta love lazy summer days. 


Comments: 1



Tid til å tenkje

  • 19.08.2015
  • 22:28

Etter at eg flytta heim og plutseleg har folk rundt meg mykje av døgeret, i tillegg til at eg hadde besøk heile forrige veka, hadde eg i dag veldig behov for å kome meg vekk ifrå alt som heiter sivilisasjon og andre menneske. 

Så eg reiste på fjelltur. 

Sekken vart pakka klar like etter frukost, og før eg visste ordet av det var eg ute i den friske fjelllufta, berre meg og tankane mine. Planen var å gå frå Hodnaberg, opp til turisthytta Kiellandbu på Løkjedalsnuten, men då eg kom oppver i dalen vart det berre meir og meir snø eg måtte labbe meg over, og den siste bratte kneiken opp var heildekka. Sjølv om det var spor etter folk som hadde gått opp der tidlegare tok eg ikkje sjangsen då eg helst ikkje ville risikere å hamne nedi eit hol heilt aleina på fjellet, så eg snudde og gjekk eit stykke tilbake før eg sette meg ned i sola med kaffikoppen og nistepakka. Der vart eg sitjande å gruble på livet og diverse anna ei god stund medan både armar og bein vart godt steikt fordi solkremen stod att på benken utanfor døra heima. Eg vart ikkje så mykje klokare av all grublinga, men det var godt å ha det stille og fredeleg rundt seg, og ha tid til å tenkje. 





Comments: 1



When Britain meets Norway

  • 18.08.2015
  • 21:31

Heisann, heisann! 

Som eg nemde i forrige innlegg tok eg med meg dei britiske babesa mine, Willow, Becca, Tasha og Yasmin, ut på hytta forrige mandag, og derifrå reiste me rundt i bygda (og litt utanbygds); Dei for å vere turistar, eg for å leike guide.

På mandag, før me inntok hyttelivet, var me innom Voss Folkemuseum Mølstertunet, noko som var interessant både for meg og dei då det var to fine utstillingar der i tillegg til det vanlege. Tirsdag gjekk turen til Flåm og Stegastein over Aurland for å kikke på vestlandets fjordar og fjell. Me var litt uheldige med valet av dag då, for som de kanskje har fått med dykk var det ein buss som brann i Gudvangatunnelen akkurat denne dagen, og den vart stengd medan me framleis befann oss på feil side. Så heimattvegen vart over Hardangervidde, utan at eg heilt visste om eg var på rett veg eller ei. Heihå! Onsdag var dagen eg tok dei med på fjelltur. Turen var tima og planlagt ei god veke i førevegen slik at eg hadde ein viss idè om kor lang tid me kunne kome til og bruke, og kor bratt eg skulle leggje fram at det ville vere. Ruta var nøye tenkt ut slik at me skulle unngå både bratte skrentar dei kunne risikere å ramle utfor og alt for bratt terreng. Vel oppe på Hundskjeften på litt over 900 moh var humøret på topp, Kvikk Lunsjen ekstra god og latteren høg då dei bestemte seg for å ta fatt på den norske trenden kalla "naking". Det var uheldigvis litt skodde akkurat denne dagen, så utsikta var så som så, men dei synes likevel det var som i eit eventyr. 

Torsdag, den siste heile dagen deira i Noreg, kom sola endeleg ordentleg fram og dei fekk sett Voss på sitt beste. Det var heilt vindstille og eg bestemte at ein tur på Grandane var på sin plass. Etter nokre timar på stranda (eller det som er att av den no som vatnet er så stort) i steikjande sol, og bading i isvatn vende me snutane mot hytta att og rigga istand grillmat og bålkos på verandaen. Då me vakna på fredag var sola framleis vår ven, og sidan det var reisedag hadde sjølvsagt The Cow Pack (les: kyreflokken som går i hytteområdet) slått leir rett utanfor hytta, til min store fortvilelse. Det måtte jo berre ha seg slik at dei var der då me ankom hytta på mandag med "flyttelasset" vårt, og at dei var der då me skulle forlate åstedet på fredag med det same lasset. På mandag måtte eg berre legge all frykt eg har for kyr til sida, for noko jage-hjelp var det ikkje å få frå britane, men på fredag "knytte" eg på meg Birkenstockane mine og sprang ned brattebakken etter å ha ropa ut: save yourselves! Då at eg hadde sendt dei avgarde med flybussen ifrå Bergen stappa eg i meg litt kald spaghetti før eg køyrde ut att på hytta, og kom fram akkurat tidsnok til å få med meg kaffi, jordbær og brownie i solveggen saman med mamma og pappa som hadde tatt turen ut der for helga. 

No er dei tilbake i moderlandet, og eg er tilbake til kvardagslivet, alle med ein liten klump i halsen for no er det uvisst når me får samla The Wolf Pack/ Babe Squad igjen. 








Last Monday I brought my British babes to the cabin on the mountain, and from there we travelled around in town (and a bit outside of town): them being tourists and me pretending to be a guide. 

Before we arrived at the cabin we visited the local museum in Voss, Mølstertunet, where they had two exhibitions alongside the one that's always there. On tuesday I took the girls to Flåm and Stegastein above Aurland so they would get to see some of the mountains and fjords that the west of Norway has to offer. We were a bit unlucky with the choice of day as a bus started burning in a 
tunnel and it got closed as we were still on the wrong side of it. This meant we had to drive over two mountains to get home so they got to see Hardangervidda and some more of Norway, and I had no idea if I was going in the right direction or not... Wednesday I decided it was time to bring them to my sanctuary: the mountains. The hike was planned a week beforehand and I'd made sure there would be no cliffs for them to fall from and no too steep hills to climb. It's quite a short walk, and the top is only a little over 900 meters above sea level, but once you're on the top you get a really nice vue. And when Britain meets Norwegian hiking the trend called "naking" had to be put into life. 

The last full day for them in Norway, Thursday, the sun peeped out from behind the clouds and so they got to see Voss in its true beauty and I figured a day at the beach by the lake in town had to be experienced. After a couple of hours there in the sun, swimming in ice water, we went back out to the cabin and had a bbq and made a little fire outside in the evening. When we woke up on Friday the sun was still our friend and we headed to Bergen for the day where we had lunch and looked around for a bit before I sent them off to the airport.

Now they're back in the motherland and I'm back to everyday reality; not knowing when the Wolf Pack / Babe Squad will be united again. 


Comments: 0



Fest, fjell og fnising

  • 09.08.2015
  • 22:25

I gårkveld var det duka for Kristina sin 20 års dag i ungdomshuset på Bulken. Ho hadde leiga inn Twang Gang til å spela, og det blei både matservering, quiz og stolleiken i tillegg til dansing og prat med fine folk. Eg ankom med eit heilt lite lastebillass her frå Ukvitne då både mamma, pappa og Martin bror var inviterte òg, i tillegg til fire babes som er på besøk frå England denne veka. Alle var heilt i hundre utpå kvelden, og både gamal og ung, engelsk og norsk, fekk svinga seg på dansegolvet. Antrekket mitt for kvelden var ein ny kjole som eg sydde i full fart her om dagen, og heilt enkle svarte sko. Håret fekk eg beskjed om av besta at eg måtte sette opp i ei flette for det var så fint, så då måtte eg jo berre høyre på ho. 

No har me akkurat avslutta ei fin helg med grillmat, pavlovakake og kaffi i utestova. Straks er me vel klare for senga heile gjengen etter den seine kvelden me hadde i går, ikkje før 04.30 var hovudet på puta så me har litt å ta att for å seie det slik. Men det var ein veldig vellykka kveld, og engelsk babesa som aldri hadde opplevd liknande synes det var heilt etter boka. 

I morgon vender me snuten mot hytta, og blir nok der ute resten av veka til jentene reiser att på fredag, så då blir det lite med bloggoppdateringar, beklagelegvis, men no som eg ikkje har så mykje planar framover etter at besøket har reist skal eg steppe opp gamet litt. 

Håpar alle har hatt ei finfin helg, og at de er klare for ei ny veka. Det er vel kanskje til og med nokre skular som byrjar att? Eller er eg heilt på bærtur..? 




Comments: 2



Trekløver

  • 04.08.2015
  • 18:13

I dag reser mi kjære Sigrid tilbake til Kristiansand på skule, så i gårkveld hadde trekløveret evt. Bolka (frå Bulken) Babes sin vanlege avskjedskveld med kaffi og kos. Sigrid og eg bila opp til Kristina i seks tida. Der kom me til tomt hus, og skjønte ingenting for me hadde sjølvsagt ikkje sjekka mobilane og fått med oss at Kristina var ein kjapp tur på butikken. Men i gjengen er det "mi casa es zu casa"-regel så me tok oss til rette. Ti minuttar seinare var Kristina på plass, kaffien på kok og me sat i solveggen på terassen med minibakkels på bordet. Bestemor-klubben sa du? Berre strikketøyet som mangla...

Snakk om lucky at me fekk sol og temperatur høgare enn fem grader akkurat i går då me hadde planlagt ein kveld ilag. Ei stund vart det faktisk så varmt at eg vurderte å kaste både bukse og skjorte, men eg veit ikkje heilt om det er akseptabelt i eit byggefelt der fleire hus har full innsikt? Her heima er det så langt mellom husa at om eg hadde hoppa strikk i hagen, naken, hadde ingen sett det, men i eit byggefelt er det kanskje litt andre reglar som gjeld. Men det eg skal fram til her er at eg beheldt både skjorte og bukse på. Uansett, kvelden var heilt etter boka, og skravla gjekk i eitt slik den alltid gjere når hønseflokken samlast. 

No har eg berre to dagar att med jobbing på sjukeheimen før eg offisielt kan kalle meg arbeidslaus (hah). Men at eg ikkje har arbeid neste veka er i grunn heilt ok ettersom eg på fredag får ein anna hønseflokk i hus då Babe Squad ankjem Noreg på ferie. Etter dei er reist kan eg heller fyre i gang stresset med å leite etter jobb, eller eventuelt felle nokre tårer fordi er eg er ein arbeidslaus, nyutdanna nissa som ikkje akkurat har vald den lettaste karriera på jord. Men den tid den sorg.





Comments: 1



Them strawberry girls

  • 02.08.2015
  • 16:36

I går ettermiddag var eg ein tur til Sigrid for å få tatt nokre bilete av handlenettet eg laga til ho i anledning 22 års- dagen hennar. Ho sa ho ville ha ein teikning til bursdagens så eg vrengte hjernen for å finne på noko morosamt. Elefanten har ho teikna sjølv for eit års tid sidan, og det er signaturteikninga hennar, så kva var vel betre enn å få denne printa på eit handlenett eg sydde saman? Meir personleg blir det vel ikkje.

Når me fyrst var ute å trakka tok me like godt fatt på alle markjordbæra langs vegkanten, så me stod med rumpa høgt i lufta med blomar i håret og hender og munn full av jordbær. Me skal aldri bli vaksne altså! 







Yesterday afternoon I visited Sigrid to have a little photoshoot of the tote bag I made for her as a birthday present. She said she wanted a drawing for her birthday so I went into thinking mode to come up with something fun to give away. She's drawn the elephant herself about a year ago, and it's her signature drawing, so what could be better thant to get this printed onto a tote that I made? A more personal gift you'll have to look far to find.

Since we were already outside taking photos we decided to get our hands on some of the wild strawberries growing along the road so with flowers in our hair we stood with our bums up in the air and hands and mouths full of berries. We're never going to grow up! 


Comments: 2



hits