Mountain days

  • 29.03.2016
  • 22:17

Så var det tilbake til kvardagen att, etter ein påske som føltest som evigheita sjølv, men samtidig ikkje var heilt lang nok. 
Eg starta ferien ein dag tidlegare enn planlagt då eg fredag før påske vakna med feber, hovudverk og ein hoste som fekk meg til å høyrast ut som ein 60 åring med kols. Heldigivs hadde mamma og pappa bestilt scootertransport ut på hytta seinare på dagen så eg slapp gå stykke frå parkeringsplassen og opp. Det er mogleg eg hadde takka for meg om eg skulle ha labba dei 20 minuttane på ski med ein fullstappa sekk som gjekk langt over hovudet på meg. 

Heile palmehelga fann du meg på sovande på sofaen, og det same på mandag i grunn, men då byrja eg heldigvis å komme meg litt så eg forflytta meg rundt i hytta for ikkje å gro heilt fast. Mandag ettermiddag kom Martin ut til oss òg, og med seg i sekken hadde han påskekryssord, så endeleg fekk eg noko anna å ta meg til i sofakroken. 

På onsdag var planen å ta seg ein tur heim for å vere med gjengen på ein aldri så liten fest, men då dette var den einaste dagen med knallsol klarte ikkje idioten å roe seg i hytteveggen, så etter å ha labba meg avgarde på skitur med eit alt for lavt energinivå, og ein hoste som aldri slutta, orka eg ikkje tanken på å sminke og fikse meg ein gong, så det var den festen liksom. Men altså, feber eller ei, det er faktisk ikkje mogleg å bli att på hytta når resten av familien stikk på topptur i knallvêr, så sjølv om ho mor ikkje var supergira på at eg skulle ut på tur med influensa mi kunne ho ikkje nekte meg å vere med då ho veit at ho aldri hadde kome noko veg med det. 

Eg hosta meg igjennom resten av påsken òg, men på torsdag var heldigvis formen elles mykje betre. Vëret derimot, var ikkje så mykje å skryte av dei resterande dagane. Men påskerenn vart det på oss denne påsken òg, sjølv om sola ikkje ville spele på lag. Det vart inga "pallplass" på laget i år heller, men me hadde mykje godt i sekken, og kosa oss saman med resten av hyttefeltet denne dagen. Trass i sjukdom hadde eg ein veldig fin påske i fjellet saman med familien, og etter 10 dagar med folk rundt meg var det ekstremt stille å kome heim att til leilegheita i går ettermiddag. No har stillheita gått seg til, og etter berre ein dag på jobb er alt tilbake til det vanlege. 






Comments: 2



View

  • 10.03.2016
  • 17:42

Her om dagen skein glitterbuksene mine om kapp med sola, og då eg kom heim ifrå jobb var det heilt nydeleg ute på tunet. Og sjå på utsikta eg har då! Ein kan så absolutt ikkje klage når ein kan sitte i stova å sjå på desse vakre omgjevnadane. Spesielt ikkje på ein dag med så blå himmel som det har vore den siste tida. No er ikkje eg ein spesielt vêrsjuk person, men sol gjere noko med ein. Det er ikkje til å stikke under ein stol. Det faktum at det no er ljost ute både når eg reiser om morgonen, og når eg kjem heim att har sjølvsagt litt og seie òg. Eg føler i alle fall at det er litt fleire timar i døgeret fordi ein får tid til meir medan det framleis er dagsljos. 


Glitter pants - H&M // Boots - Eurosko // Coat - Vero Moda


Comments: 1



Wonderful Weekend

  • 07.03.2016
  • 21:24

Å for ei fin, fullstappa helg. 
Den starta med restaurantmiddag saman med beste Kristina etter jobb på fredag. Derifrå reiste me heim i leilegheita og hygga med film og strikketøy. Det er så fint å ha litt tid med Kristina etter gamalt. Me er begge to travle sjeler så sjølv om me no bur i same land er det ikkje så ofte me ser kvarandre. 
På laurdag vakna eg opp til eit heilt fantastisk vêr, og bestemte meg meg med ein gong for å ta ein skitur. Valet fall på randonee, og det var ikkje ein dum ting. Med silkeføre og skinande sol var det nesten så eg gjekk opp att ei andre gong òg. Det er altså så herleg å bu i Noreg att, og kunne ta slike turar akkurat den dagen det måtte passe seg. I tre år har alt av skigåing blitt begrensa til juleferie og påskeferie, og for ei vinterglad sjel som meg har det vore veldig kjipt. 

Laurdagskvelden vart plutseleg sprekare enn fyrst planlagt, då Kristina og Synne drog meg med på festlegheiter. Etter ein dag på ski var ikkje energinivået heilt på topp, så det var kanskje ikkje akkurat det eg hadde sett for meg, men det var ein kjekk kveld med gode vener, før bror fekk meg heim i hus, og eg sovna i det hovudet traff puta. Heile kvelden hadde me gått rundt å snakka stort om at me skulle på skitur på sundag, men ingen trudde at det faktisk kom til å skje før me plutseleg stod me ski på beina og sekk på ryggen. Sunn norsk ungdom. Hah. Heldigvis hadde tok eg meg ikkje heilt ut kvelden i førevegen så formen var overraskande bra. Men det skal seiast at eg var godt sliten i gårkveld då eg kom heim att frå tur og gjekk rett i kaffibesøk hjå onkel og tante. Middagen stod vel ikkje på bordet før nærare 21.30, og litt over klokka 22. var eg i drøymeland. 

No kryssar eg fingrane for vêr som dette heile påsken òg. 





Oh what a wonderful weekend.
It started with a restaurant visit after work on Friday with Kristina before we went to chill in the flat with a movie and knitting. It's so nice every time I get some girl time with her. We are both two busy women, so even though we are now in the same country we still don't see each other too often. 
On Saturday  I woke up to beautiful weather and decided straight away that I was going skiing. I chose my randonée equipment and I didn't regret that desicion one second. With sunny skies and high levels of motivation, excitment and happiness I almost went back up a second time because it was that amazing. It's so good living in Norway again, being able to do stuff like this whenever I have the time. For three years my skiing has been limited to Christmas and Easter only and for a winter loving soul as me that has sucked big time. 

Saturday night got a bit wilder than I had in mind when Synne and Kristina asked me to go out with them and a bunch of other people. After a day of skiing my energy level wasn't on it's best, but I still had a good time with friends before brother drove me back home and I fell asleep the second my head hit the pillow. 
All evening we talked about going skiing on Sunday but I never thought it would actually happen, until I was standing with my skis on my feet and my lunch in a backpack. In that moment I was really glad I didn't go all out the night before, that would've been painful. I was still super tired when I got back though, and went straight to my uncle and aunts house for coffee. I didn't have dinner until 9.30 and just after 10 I was fast asleep, far away in a dream. 

Now I'm crossing my fingers for weather like this during easter week as well. 


 


Comments: 0



hits