Snowy Sunday

  • 31.01.2016
  • 20:59

I går ettermiddag sat eg på badegolvet, og banna høgt medan eg prøvde å sette saman ei jævla hylle. Det blei med ei halv hylle før eg etter eit blodig uhell gav opp. Organisering av bua lot vente på seg. Den samme forbanna hylla tok nesten livet av humøret mitt i dag igjen, då eg med nytt mot sette igang. Heldigvis datt eg ikkje heilt i do av sinne, så eg fekk sett saman helvete, og no er bua mi rydda og organisert. No er det berre organisering av syrommet som gjenstår før alle rom i leilegheita er ryddige og organisert etter Anita-standard. For mykje rot, og for lite system gjere meg både stressa og rastlaus. Herregud, organiserings freak much? 

Før hylleprosjektet mitt i dag, var eg ein tur ut i det friske snøvêret. Saman med mamma, pappa og bror, onkel, tante og søskenbarn var me på bakkane og sklei på akebrett og ski. Heihurra så det gjekk etter at me hadde fått trakka ei ordentleg bra løype. Det er lite som er betre enn å herje rundt i snøen. 







Comments: 0



January soundtrack

  • 28.01.2016
  • 21:43

Comments: 0



Frozen

  • 21.01.2016
  • 20:29

Herregud så kaldt det er!
Ein blir jo kaldare enn dei som har ligge i grava i 10 år berre ein bevegar seg utanfor husets fire veggar i meir enn fem minuttar. I skrivande stund viser det -20,7, og slik har det vore i lang tid. Mellom 20 og 25 minusgrader kan bli litt vel mykje sjølv for ei som meg, som elskar vinter og kulde. Dei store fabrikklokala på jobb har blitt forvandla til ein fryseboks så me går med ull frå innerst til ytterst, og har vifteovnar plassert i kvart eit hjørna medan varmepumpene bles for fullt, så ein nesten fyk av stolen. 

Heldigvis kan eg kome heim og fyre i omnen kvar ettermiddag. De anar ikkje kor glad er eg for at leilegheita har vedomn. Små gleder! 
Og snart er det jo helg att òg, så då kan eg sitje så mykje framfor omnen som eg berre vil. (Les: det skjer ikkje! Eg skal jo vere ute å leike i snøen). 

No skal eg straks ha SKype-date med dei Britiske babsa mine så me snakkast ein gong i framtida. God helg på førehand. 








Comments: 1



Yellow

  • 16.01.2016
  • 13:58

Hurra, det er laurdag!
Herrefred så godt det var å kome heim frå jobb i går. Etter ei fullstappa veke på jobb, med overtid opp til fleire dagar, var det utruleg herleg å kunne setje seg ned i sofaen og slappe av. Bror kom ein tur på besøk, og me vart sitjane å spele Kahoot på den nye tven min, med kvar vårt glas julebrus (hah det var på salg) 

Eg har ingen store planar denne helga, og det er så deilig. Det einaste eg skal er middag med familien i kveld, og maling av siste strøket på den fjerde stolen min. Som de ser på bileta under, manglar det framleis ein rundt bordet, så planen er å få den i hus i løpet av morgodagen. Elles har eg endeleg fått litt fyll i vasen min, i form av nokre herlege tulipanar. Eg blir berre meir og meir forelska i leilegheita etterkvar som alt smått kjem på plass, og eg merkar at å vere omgitt av knæsje fargar fører til at både motivasjon, energi og glede er på topp. Det kan jo ikkje bli betre enn det. 

Håpar de får ei alletiders helg folkens! 







Yay it's Saturday! 
Oh my it was great getting home from work last night. After a crazy busy week, with longer days at work, it was the best feeling in the world sitting down in the sofa to relax. Brother came by and we ended up playing Kahoot on my new, massive tv. 

I ain't got much plans this weekend and it feels so good. The only thing I'm doing is having dinner with the fam tonight and painting my last chair yellow. As you can see from the photos above there's still one missing, and so my plan is to get that into the flat tomorrow. I've finally got some lovely, colourful flowers in my vase as well. I fall more and more in love with the flat as every little detail falls into place. And being surrounded by bright colours gives me a proper motivation and energy boost as well as it makes me super happy.

Hope you have a great weekend peeps! 


Comments: 3



Sneak peek

  • 09.01.2016
  • 23:30

Denne fyrste veka av 2016 har vore stappfull av gjeremål, og eg har vore så opptatt til tider at eg ikkje har hatt tid til å tenkje ein gong. Men det har vore ei bra veka, med mykje nytt og spanande. Eg viste dykk dei nymalte, knall gule stolane mine i ein tidlegare post, og no er dei fint plassert rundt det nye kjøkkenbordet mitt i leilegheita der det ikkje bur noko andre enn meg. Eg flytta offisiset bort her forrige sundag, og no er ting endeleg byrja å kome skikkeleg på plass. Sofa situasjonen min blei løyst ved at eg fekk låne ein sofa heima ifrå fram til eg får min eigen. Sjølv om eg ikkje har noko imot å sitje på golvet (kall meg gjerne rar, men eg synest faktisk det er ganske behageleg) så er det kanskje ikkje alle som kjem på besøk som set like stor pris på at eg serverar kaffi på stovegolvet. 

Uansett, eg tenkte eg kunne vise dykk nokre snapshots frå leilegheita. Det blir berre nokre få detaljar, då det er alt de får sjå før eg får sofaen min på plass. Om de vil sjå meir enn berre desse detaljane er det berre å kome på besøk. Eg har kaffi. 









This first week of 2016 has been so busy I haven't really had time to think even. But it's been a good week, with a lot of new and exciting things happening. I showed you my newly painted, yellow chairs in an earlier post, and they are now placed around my new kitchen table, in a flat where there's no one but me living. I've been staying here since last Sunday and things are finally starting to get into place. My no-sofa-for-eight-weeks situation turned out alright when mum and dad said I could borrow one of their sofas. Thought I don't mind sitting on the floor (call me weird, but I actually kind of enjoy it) some people might find it a bit strange when they come to visit me and I serve them coffee on the living room floor. 

Anyway, I thought I'd show you some snapshots from the flat. Just a little sneak peek of some details, as that's all you're gonna get before my dear sofa arrives in February(hopefully). If you want to see what it looks like here, more than just the details above, I mean, you simply got to come visit. I have coffee. 


Comments: 2



Looking back part II

  • 01.01.2016
  • 22:43

Så var det dags for å ynskje alle eit riktig godt nyttår. Håpar de hadde ei fin feiring. For min del blei det ein roleg kveld med Sigrid og eit par andre. Med 2016 ser det ut for at det kjem litt snø òg (endeleg) så no kryssar eg fingrar og håpar at det legg seg eit kvitt teppe over landspaket ute.
Her kjem oppsummering del II av året som var. 

Samarbeida med Zoe Fiedel og Chloe Cinamon på den siste skuleoppgåva mi. Kristina kom på besøk i London for å hjelpe meg å flytte. Me vart invitert i dobbel 20 års dag i Oxford med utkledningstema Arabiske netter. Sigrid, Kristina, Arne og eg var på ettermiddagstur til Nåli. Mamma, pappa, Martin og eg reiste til London i juli for graduation. Bunaden fekk vere med, og det vart mange spørsmål kva land drakta kom ifrå. Etter nokre døger i London reiste familien vidare til Bude i Corwall der me overnatta på eit nydeleg strandhotell i to døger. Her var det grasenger, høge klipper rett i havet, surfarar og mykje vind. Definitivt ein plass eg har planar om å besøke igjen. Frå Bude gjekk turen vidare til Bath, og etter eit døger der reiste me til flyplassen for å kome oss heim att. Mamma, pappa og eg hadde oss ein fin og vindfull tur til Nesheimshorgi, der mamma og eg sklei på rompa ned att for det var framleis veldig mykje snø att på toppane. Bror, mamma, pappa og eg hadde oss ein fjelltur i striregn, der me søkte ly under ei berghylle for å få i oss lunsjen på turrast mogleg måte. Englandsjentene (les: Willow, Becca, Natasha og Yasmin) mine kom på besøk, og me var i 20 års fest til Kristina, køyrde til Flåm og Aurland der me vart innesperra av tunnellbrann og måtte køyre ein lag omveg over fjellet for å kome oss heim att. Me klatra på Voss skiltet på Vangen, bada i eit iskaldt Vangsvatn, budde på hytta der me hadde besøk av kyr nesten kvar dag og me gjekk på fjelltur der eg lærte dei den norske naking "tradisjonen". Etter at dei reiste hadde eg nokre veker der eg berre for å surra, og gjekk blant anna på Søtosten, der eg ikkje hadde vore på mange herrens år. I oktober, eit par dagar etter det siste bilete blei tatt fekk eg meg jobb på Dale of Norway.

Takk til alle som har vore med på å gjort mitt 2015 til eit fantastisk år. Lat oss håpe 2016 blir minst like fint.



Happy new year everyone. I hope you all had a good evening no matter how you celebrated the new year. I had a quiet evening with Sigrid and a couple of other people. It looks like the snow came with the new year, so I'm crossing my fingers and hoping that it'll turn into a white blanket outside. 
It's time for Looking back part II. Enjoy!

In June I finished my last uni project which was a collaboration with Zoe Fiedel and Chloe Cinamon. Kristina came to visit me in London and help me move. We got invited to a birthday party in Oxford with a Arabian Nights theme. Sigrid, Kristina, Arne and I hiked to Nåli. Mum, dad, Martin and I traveled to London for my graduation and I wore my national costume the day of graduation which resulted in many questions about what country it came from. After a couple of days in London we left for Bude in Cornwall where we stayed in an awesome beach hotel for two nights. I fell in love with this place and I'm definitely going back in the future. From Bude we traveled to Bath for one night and then to the airport and back home. Mum, dad and I had a windy hike to Nesheimshorgi. Brother, mum, dad and I had a very rainy hike where we hid underneath a tiny cliff when we were eating our lunch. My British babes (read: Willow, Becca, Natasha and Yasmin) came to visit and we went to Kristinas birthday party, drove to Flåm and Aurland where we got stuck because of a fire in one of the many tunnels and had to take a detour over a mountain to get back home. We climbed the Voss sign in town, swam in the freezing lake, stayed at the cabin and hiked up a mountain where I taught them the Norwegian "tradition" naking. After they left I had a couple of weeks where I didn't really do much other than walk in the mountains. Just a couple of days after the last photo above was taken (in October) I got my job at Dale of Norway. 

Thank you to everyone who's been a part of making my 2015 amazing. Let's hope 2016 will be just as good. 


Comments: 0



hits