6 years, 7 months & 22 days

  • 01.05.2016
  • 21:01

Då eg starta opp atinaanita.blogg.no for snart 7 år sidan var det ei glede og ein fryd å sette seg ned å skrive. Eg var motivert, og pusha ut innlegg etter innlegg. Blogginga stod høgt på prioriteringslista mi, og eg tenkte blogginnlegg i alle situasjonar og anledningar. Eg fann alltid eit eller anna å skrive om, og eg elska det. 
Bloggen har vore med meg igjennom mange oppturar, og sjølvsagt nokre nedturar. Eg har delt av livet mitt og meg sjølv, og de har fått fylgje meg gjennom 3 år på Voss Husflidsskule, russetid og flytting til London i 2012, 3 år på London College of Fashion, og no som produktutviklar hjå Dale of Norway. 

Etter mykje fram og tilbake har eg no kome til det punktet der det er på tide å leggje blogginga til sida. Eg klarar ikkje lenger å publisere minst eitt innlegg for dagen. Det er jo søren meg over ein månad sidan eg publiserte det forrige. Eg er lei av å måtte kome med unnskyldningar for at eg igjen og igjen glimrar med mitt fråvær, og eg orkar ikkje å gå rundt med dårleg samvit for at eg burde ha blogga. Det er ikkje lenger ein leik å skrive eit innlegg. Motivasjonen er borte, og nedst på prioriteringslista mi, blant ting som å bestige Mount Everest og kjøpe meg ei kyr, står blogging. Eg kan stire på skjermen i timevis, og ikkje kome på eit einaste ord, og om eg så klarar å skvise ut eit innlegg endar det som oftast med at eg slettar det att. Å publisere noko som eg ikkje er 100% nøgd med er ikkje lnoko eg ynskjer å gjere. Så å bruke mange timar på noko eg ikkje er nøgd med er alt for mykje bortkasta tid, tid som eg kan bruke på så mykje anna eg heller vil gjere. 

Eg veit at det er fleire som vil bli skuffa, dei få eg har sagt det til har allereie utrykt si missnøye, men det er rett og slett ikkje verdt det for min del, når eg ikkje orkar å sette meg ned for å skrive. Bloggen vil ikkje bli sletta, men heller ikkje oppdatert. Kall det gjerne ein pause på ubestemt tid, for kanskje ein vakker dag finn eg gleda i å ta den fram att, men til den tid kjem: hadet, og takk for at akkurat du har kika innom og vore med meg i løpet av desse snart 7 åra. 

Ps. du må gjerne fylgje meg på Instagram (@atinaanita93) om du vil ha eit lite innblikk i livet mitt vidare. 



When I started atinaanita.blogg.no 7 years ago I felt pure happiness when I sat down to write. I was motivated and pushed out post after post. Blogging was on top of my priority list and wherever I went or whatever I did I always had the blog in mind. I always found something to write about, and I loved it. The blog has been a part of my life through highs and lows. I've shared my life, and you've been able to follow me through 3 years in Voss Husflidsskule, being a russ and moving to London in 2012, 3 years at London College of Fashion and now working in product development at Dale of Norway.

After going back and forth with myself about a hundred times now I've decided it's time to put the blog aside. I simply don't have the time that it takes to post something every single day anymore. I mean, it's over a month since I last posted anything on here. I'm sick and tired of giving excuses for not being here, posting, and I can't stand the guilty feeling I constantly have because I should be blogging but isn't. It's so not a game anymore. My motivation is gone, and on the bottom of my 
priority list, together with things such as climbing Mount Everest and buying a cow (for those who don't know: I'm scared of cows) you'll find blogging. I can look at the screen for hours and not find a single word, and if I manage to write something I usually end up deleting it anyway. To publish something that I'm not 100'% happy with is something I don't want to do. So spending hours on something that I might not use in the end is too much time wasted when I have plenty of other things I'd rather be doing. 

I know there's a couple of people who'll be dissappointed, those I've told have already expressed their dissappointment. But it's just not worth it anymore, when I can't find the time and energy to sit down and write. The blog will not be deleted, but not updated either. Call it a break if you like, because maybe I'll find happiness in writing a blog again in the future. Until then; goodbye and thank you for stopping by. 


Ps. follow me on Instagram (@atinaanita93) if you want to know what I spend my days doing. 


Comments: 1




Sigrid

01.05.2016 kl.22:15

NEVEEER!

Hahhaah detta: "blant ting som å bestige Mount Everest og kjøpe meg ei kyr, står blogging" HAAHHA lo godt ass!

Hadet verdens beste bloggar :* Du skriv på dan beste måten og e superkul. Hipphipp!

Leave a comment

hits