View

  • 10.03.2016
  • 17:42

Her om dagen skein glitterbuksene mine om kapp med sola, og då eg kom heim ifrå jobb var det heilt nydeleg ute på tunet. Og sjå på utsikta eg har då! Ein kan så absolutt ikkje klage når ein kan sitte i stova å sjå på desse vakre omgjevnadane. Spesielt ikkje på ein dag med så blå himmel som det har vore den siste tida. No er ikkje eg ein spesielt vêrsjuk person, men sol gjere noko med ein. Det er ikkje til å stikke under ein stol. Det faktum at det no er ljost ute både når eg reiser om morgonen, og når eg kjem heim att har sjølvsagt litt og seie òg. Eg føler i alle fall at det er litt fleire timar i døgeret fordi ein får tid til meir medan det framleis er dagsljos. 


Glitter pants - H&M // Boots - Eurosko // Coat - Vero Moda


Comments: 1




Thea Linni

10.03.2016 kl.18:01

Åh så utrolig vakkert! :O :D

Leave a comment

hits