Welcome

  • 02.02.2016
  • 21:26

Tenk at det er 2. februar allereie då. What?! Årets fyrste månad er offisielt over, og me er inne i bursdagsmånaden min. Hurra. 
Som de kanskje hugsar nemde eg i eit tidlegare innlegg at eg venta å få sofaen min i slutten av februar ein gong, men så fekk eg plutseleg ein telefon på fredag om at den var klar til utlevering allereie. Så då leiga eg inn han far med stor bil til å hjelpe meg, og no står både sofaen og stolen så fint i sin nye heim. I anledning ny sofa (og som eg lova dykk då eg flytta inn) har eg fått tatt nokre bilete av heimen som eg no tenkte å vise dykk. Det manglar framleis nokre bilete på veggane, ein lampe borti ein krok, og nokre nye gardiner, men sett vekk ifrå det er det så godt som ferdig i stova, kjøkkenet og badet. Soverommet og syrommet er endå under arbeid. Det kostar både tid og pengar for å få alt ferdig, men ting kjem på plass litt etter litt. På det ultra digre soverommet mitt står det ei lita enkelseng borti ein krok, omringa av store, tomme, kvite veggar. Planen er å invistere i ei ny stor seng, men det tek eg litt på sikt. Nokre bilete på veggen derimot, håpar eg å få opp om ikkje så alt for lenge. Det er så tomt der inne at eg kunne vakne av mi eiga snorking, og då er eg faktisk ein av dei som nesten ikkje snorkar ein gong.  











Can you believe that it's February 2nd already? What?! The first month of the year is officially over and we've entered into my birthday month. Yay! 
As I mentioned in an earlier post I was hoping to get my new sofa in the end of this month, but on Friday I got call saying that my sofa was ready to be picked up already. So I brought dad and a big car with me and together we brought the sofa and the chair to their new home. As promised I've taken some photos of my home that I'm now going to show you. There's still a couple of pictures missing on the walls, a lamp in one corner and some new curtains, but other than that the living room, kitchen and bathroom are pretty much all done. My bedroom and sewing room are still ongoing projects. It cost a lot of time and money to get everything into place, but things are coming into place one after another. In my extremely huge bedroom there's a tiny bed in one corner surrounded by big, empty, white walls. My plan is to invest in a new, big bed but that'll have to wait for now. I'm hoping to get a couple of pictures up on the walls soon though. It's so empty in there I could wake up from the echo of my own snoring, and I hardly snore. 


Comments: 4




Stine Tokle

02.02.2016 kl.21:31

Såå fnt du har det :D

Susanne Moen Øy

02.02.2016 kl.21:43

Ååh, så utruleg koseleg :-)

lisarorvik

02.02.2016 kl.21:46

Kjempe fint :)

Anette

02.02.2016 kl.21:53

Åh, så fint du har det!

Ønsker deg en riktig fin kveld <3

Leave a comment

hits