Snowy Sunday

  • 31.01.2016
  • 20:59

I går ettermiddag sat eg på badegolvet, og banna høgt medan eg prøvde å sette saman ei jævla hylle. Det blei med ei halv hylle før eg etter eit blodig uhell gav opp. Organisering av bua lot vente på seg. Den samme forbanna hylla tok nesten livet av humøret mitt i dag igjen, då eg med nytt mot sette igang. Heldigvis datt eg ikkje heilt i do av sinne, så eg fekk sett saman helvete, og no er bua mi rydda og organisert. No er det berre organisering av syrommet som gjenstår før alle rom i leilegheita er ryddige og organisert etter Anita-standard. For mykje rot, og for lite system gjere meg både stressa og rastlaus. Herregud, organiserings freak much? 

Før hylleprosjektet mitt i dag, var eg ein tur ut i det friske snøvêret. Saman med mamma, pappa og bror, onkel, tante og søskenbarn var me på bakkane og sklei på akebrett og ski. Heihurra så det gjekk etter at me hadde fått trakka ei ordentleg bra løype. Det er lite som er betre enn å herje rundt i snøen. 







Comments: 0




Leave a comment

hits