På flyttefot

  • 31.12.2015
  • 15:58

Skal eg fortelje dykk ei hemlegheit som eg har halde på ei stund no? Ja? 

Eg skal flytte for meg sjølv. Hurra!
Nokre veker tilbake var eg for å sjå på ei leilegheit som ville bli ledig no frå 1. januar, og eg var ikkje i tvil om at eg kan kjem til å trivast der; nytt, lyst og fint. 
I går var eg å fekk nøklar og kontrakt, og i dag var eg ein tur bortom med eit lite flyttelass. Det er mykje som skal på plass, og mykje som endå ikkje er handla inn, men det som er så greit er at det tek meg ikkje meir enn 10 minuttar å køyra her heima ifrå, så det går kjapt å flytte sjølv om eg ikkje får så mykje inn i bilen for kvar tur. 

Eg vert nok verande heima nokre døger til, då eg verken har flytta bort seng eller sofa. Sofa har eg bestilt meg, men fekk beskjed om at den ikkje kjem før om 8 veker så hei hå då må me finne ei anna løysing i mellomtida. Kjøkkenstolar har eg derimot, då me hadde ein stabel ståande som eg fann ut at eg skulle freshe opp litt. Etter eit par strøk med fargen Signal Gul vart dei akkurat slik eg hadde sett for meg. 




Bilete av leilegheita vil kome litt etterkvart som eg byrja få ting på plass. Akkurat no er det veldig tomt med berre eit par kasser og eit lite bord i eit hjørna. 



Comments: 0




Leave a comment

hits