The Christmas dress

  • 25.12.2015
  • 18:31

I år var planen at eg skulle sy meg ein ny festkjole ti jol, då eg har særs lite av dette i klesskapet, men dagane før jol suste forbi i ein jævleg fart og før eg visste ordet av det var det berre ei veka att til den store dagen. På dette tidspunktet var verken jolekjolen til ho mor eller vesten til han bror var ordentleg ferdig, og ettersom eg hadde lova begge at dei skulle få plagga ferdig til jolaftan måtte eg prioritere dette, og det vart då lite tid til min eigen kjole. Noko som resulterte i at eg seint sundagskveld hadde eit manisk stress augeblikk der eg gjekk gjennom alt i klesskapet minst 10 gonger i håp om at det plutseleg skulle dukke opp noko eg følte meg fin og jolepynta i. Raude plagg eig eg ikkje (om du ser vekk ifrå ei knallraud dressjakke ifrå 80- talet) så å kle seg i jolefarge var det berre å drite i, og dei andre kjolane kom liksom ikkje heilt til topps på lista, så det fekk bli med denne kjolen her som eg sydde som ein del av den siste skuleoppgåva mi før sumaren i år. Den er omtrent ikkje brukt då eg aldri finn ein anledning som høver seg, så kva var vel betre enn å prøvekøyre den på sjølvaste jolaftan? Då sminka og sveisen òg var komen på plass etter både banning og ei heftig sveittebyge grunna sinne, var eg i bunn og grunn ganske nøgd med val av kjole. Då den verken er inntilsitjande eller ubehageleg på noko sett kunne eg stappe i meg jolemat og anna digg på høgt nivå, og likevel føle meg vel, noko som alltid er eit pluss. 


Dress - Anita Ukvitne // Shoes - Office // Casio watch - Urban Outfitters // Necklace - Primark




Comments: 1




Emilie-Therese

25.12.2015 kl.19:26

Så nydelig!

Leave a comment

hits