3. Sundag i advent

  • 16.12.2015
  • 21:17

I fjor tok familien (les: mamma, pappa, Martin, meg, tante Hege, onkel Arne og søskenbarn Tarald), fjerde sundag i advent, beina fatt og labba på tur skogen med sekken full av god mat og drikke, og etter stor sukkess fann me ut at dette måtte gjentakast i år òg. Denne gongen vart det tredje sundag i advent i staden, og mamma hadde med tre telys som me tente på. På bålet grilla me pylser og kokte kaffi og av andre godsaker i sekken var det blant anna jolekaker og sjokolade. 

Akebrett hadde me sjølvsagt med, ein blir jo aldri for gamal for å skli på akebrett og ha det kult i snøen. Ein av dei mest ivrige i akebakken er faktisk mamma, og det skal ikkje mykje til før ho er overtalt til å vere med på eit eller anna sprell. 

Om dette blir ein tradisjon som me fortset med kvart år vil tida vise, men det er i alle fall utruleg kosleg å samlast på den måten, og ha det kjekt i naturen. 














Comments: 1




Snippen

16.12.2015 kl.21:37

Åh, så koselig :D Her er det ikke nok snø, men håper den kommer :) Håper du har hatt en flott 16. desember!

Leave a comment

hits