One month

  • 19.11.2015
  • 20:47

I dag er det faktisk ein heil månad sidan eg byrja å jobbe hjå Dale of Norway. Altså, kvar har alle dei dagane blitt av liksom? På tida eg har vore ein del av Dalegjengen, har eg fått vore med på mykje interessant. Deriblant ein tur til Storefjell i forrige veka i samband med salgsmøte, og presentasjon av den nye kolleksjonen. Eg kjenner at eg kanskje har vore litt ekstra sliten då det har vore mykje nytt å setje seg inn i, men no byrjar eg å kome inn i ulike ting, og rutinar(stå opp tidleg kvar dag, blant anna), og eg gledar meg til kvar dag, og oppgåvene eg får bryne meg på. 

Eg veit at blogginga har blitt nedprioritert på grunn av jobben, men slik må det berre bli. Nokre dagar har eg rett og slett ikkje overskudd til å slite meg igjennom skrivesperra for å få ned nokre vettige setningar på "papiret." Eg kjenner sjølvsagt på det dårlege samvitet av å alt for sjelden trykkje på publiser- knappen, men eg veit at det er betre om eg innimellom kan få ut nokre innlegg med ok+ innhald enn at eg kvar dag skal presentere idiotiske innlegg som ikkje heng på greip, skrive medan eg slengjer alle moglege gloser rundt meg fordi motivasjon og inspirasjon ikkje er på plass når eg treng det. Det er verkeleg ingenting som er verre for ein bloggar enn når skrivesperra viser den djevelske sida si, og alt av motivasjon og inspirasjon renn ut mellom fingrane på deg utan at du kan gjere ein skit. 



Today it's actually one whole month since I started working at Dale of Norway. Where the hell did all those days go? Since I started I've got to take part in a lot of interesting things. Like a trip to Storefjell last week for the sales meeting and presentations of the new collection. My energy level hasn't been 100% lately as it's been tiring with all the new information, but I'm finally getting the hang of things (like getting up early every morning), and I walk around like this excited little kid, looking forward to all the projects I get to be part of. 

I know that blogging hasn't been on top of my priority list this last month because of my job, but that's just how it's gotta be. Some days I just don't have any energy left to sit down and defeat the writer's block to get a couple of sentences down on "paper." Of course I feel bad for not pressing the post button a bit more often, but I'd rather have a couple of ok+ posts than one every day that doesn't even makes sense, and that's written while I swear the shit out of life because every ounce of motivation and inspiration left me when I needed it the most. There's really nothing worse for a blogger than when the devilish thing called write's block slap you in the face and the last drop of inspiration slips through your fingers and you can't do shit to prevent it. 


Comments: 1




Sigrid

20.11.2015 kl.14:57

Snart kjem eg og kristina heim og ska leika masse og ta masse bilde og klikka heilt! SO då kan du pubelisera nåken kvar dag, helst 6 inlegg om dagen :D HIHI GLEDE MEG TE Å KOMMA HAIM TE JOL <3

Leave a comment

hits