Interior wishes

  • 09.12.2015
  • 22:02

Denne jula er det for det meste ulike bruksting (og litt dill) til ei eventuell leilegheit som står på ynskjelista. Litt har eg jo gått til innkjøp av i løpet av dei tre åra mine i London, men litt dyrare ting som kaffitraktar, vaffeljern osv manglar framleis. For eit års tida sidan hadde eg aldri drøymd å ynskje meg kaffitraktar til jul, men no som miss Ukvitne har blitt dagleg kaffidrikkar er det ingenting anna enn Moccamaster som gjeld. Miksmaster var eg så heldig å få til jul i fjor så baking kan eg i alle fall drive med når eg får meg ein eigen plass å bu. Når det gjeld kjøleskap har eg alltid hatt ein draum om å vere eigar av eit i merke Smeg, men no er ikkje det heilt innafor mitt budsjett så kanskje ein brødristar i same merke kan duge som erstatning..? Den var i alle fall veldig kul.

Etter å ha bladd meg igjennom ulike nettsider på leit etter det "rette" utstyret har eg no konkludert med at eg er veldig gira på gult og mint/blå/tyrkis. Finst det eigentleg noko freshare enn det?! Åh, som eg gledar meg til dagen kjem der eg kan innreie mitt eige. Heihurra! 





Comments: 1




Trollblomst

09.12.2015 kl.22:34

Mye moro her, men de stripete vasene klarer jeg ikke å se poenget med... De finnes jo ikke fine. Er de populære kun fordi de største bloggerne har fått sponset på seg et par sånne?

Titt innom meg da vel og følg meg gjerne om du liker innholdet. God advent! :D

Leave a comment

hits