Colours & chargers

  • 18.09.2015
  • 11:12

Fyrst og fremst må eg beklage for stillheita desse dagane. Det har seg nemleg slik at ladaren min tok kveld på tysdag, og ikkje lenge etterpå var Mr. Mac tom for batteri og sa takk og farvel. Det er jo ikkje synd i meg då eg har ein ekstra laptop liggjande som eg fullt brukande, men bloggmotivasjonen døydde saman med ladaren, for eg har blitt avhengig av Photoshop til å redigere bloggbileta mine, og på denne laptopen har eg null niks biletredigeringsprogram. Når det er sagt så er eg no på jakt etter ein ladar, og eg kryssar fingraneg for at det snart går i boks slik at eg er tilbake på topp. Nok om det. 


I forrige veka då eg sydde løparane til barnehagen fann eg òg eit anna stoff som mamma hadde hatt med seg heim. Dette visste ho ikkje heilt kva ho skulle bruke til, men eg fann ut at det kunne vere kult som putetrekk. På Jysk fann eg billige puter, og her om dagen sydde eg dei siste saumane. Mamma tok dei med på jobb dagen etter, og i fylgje tilbakemeldinga henner vart dei nøgd med resultatet.Hurra! I same slengen som eg sydde dei to til barnehagen fann eg fram noko stoff som eg lenge har tenkt at eg sjølv skulle lage meg eit putetrekk av, og vips så hadde eg fått meg ei ny, fargerik pyntepute òg. 





First and foremost I have to apologise for the lack of posts these last couple of days. Turns out my charger had a stroke on Tuesday and just a little while later Mr. Mac was out of battery and said goodbye. I don't really have anything to complain about though as I have another laptop that works just fine, but the blog motivation died with the charger as I always use Photoshop to edit my blog photos and on this laptop there's no editing program. When that's said I'm now hunting for a new charger and I'm crossing my fingers that it'll be sorted out soon so I can be back 100%. Enough said. 


Last week when I made the tablecloths for mum's job I came across some more fabric that she'd brought home. She didn't really know what to do with it, but I figured it could make for some awesome cushion covers. So I bought some cushions and the other day I finished the covers. Mum brought them to work the next day and from what she told me they were happy with the result. As I was working on them two for the kindergarden I dug out some fabric that I've been meaning to make into a cushion cover for ages and before the day was over I had myself a new, colourful cushion as well. Yay.


Comments: 0




Leave a comment

hits