Knit fast, die warm

  • 14.09.2015
  • 19:14

I går byrja eg endeleg på haustens store strikkepsrosjekt. Det er allereie ei heil stund sidan eg var å kjøpte meg garn og mønster så det var på høg tid å kome i gang. Planen er å strikke ein gensar, min fyrste gensar faktisk, og eg satsar på at eg blir ferdig før sumaren kjem til landet att. Om det skjer er ein heilt anna historie, for eg har aldri hatt eit så stort strikkeprosjekt før, og heller aldri strikka noko særleg mønster. Ei morosam utfordring vert det i alle fall, og no strikkar eg så radig at det går varmgang i pinnane. Fargane er dei to på bilete under; eg har forelska meg heilt i den gulgrøne fargen. Ahh, dette blir spanande! 



Yesterday I finally started my big knitting project. It's already been quite a while since I bought the yarn and the pattern so it was about time I got started. The plan is to knit a sweater, my first knitted sweater ever, and I hope to finish it before summer comes back next year. If that actually happens is a different story because I've never had such a big knitting project before, neither have I knitted a lot of patterns before. It'll be a fun challenge, that's for sure and at the moment I'm knitting like a boss. The colours are the once you see in the photo above; I'v fallen in love with the yellow green colour. Ahh, exciting times!


Comments: 1




laylow x 👀

14.09.2015 kl.19:16

Kos deg ♡

Leave a comment

hits