September Summer

  • 10.09.2015
  • 15:22

Så var det torsdag allereie, og snart helg. Hurra!
Sommarvêret ankom Voss omtrent samtidig som den fyrste hausmånaden, og det har vore varmt og sol i fleire dagar i strekk. Eg klagar så absolutt ikkje, for det betyr at eg kunne få ta i bruk den nye sommarkjolen min som eg kjøpte i Bergen for snart to veker sidan. Det er ingenting som slår det å gå i kjole utan strømpebukse. Men sjølv om det er varmt om dagane er det ikkje mykje å skryte av tidleg om morgonen. Då er det ikkje stort meir enn 5- 6 grader, og den kjølige, friske haustlufta gjev ein gåsehud til langt opp under øyrene. På mandag måtte eg til og med finne fram eit av dei tjukke skjerfa mine for då var det k.a.l.d.t (!)

På tirsdag var eg innom Fretex og kom ut att med tre nye bøker til rett under 70,- Altså, det er jo heilt klart Fretex som er plassen å gå om ein ikkje ynskjer å ruinere seg heilt av å kjøpe nokre bøker. No skal eg ta med meg ei av desse bøkene, sette meg ut i sola ein god halvtive før eg må byje på middagen, og kose meg. Ein veit jo aldri kor lenge dette herlege vêret varar så det skal nytast medan det er her. 




Cardigan & Dress - Monki // Lace Socks - Primark // Shoes - Din Sko




Comments: 1




laylow x 👀

10.09.2015 kl.15:25

Hei! Eg har dagens spørsmål på bloggen min, har du lyst til å svare på den?

Leave a comment

hits