Frå topp til tå

  • 03.09.2015
  • 08:30

Hallaisen, og god morgon! 
Ute er det blå himmel og sola skin, med andre ord er vêret heilt etter boka. Tursekken min står klar, turkleda har fått kome på og straks skal eg hive meg i bilen og suse bort i barnehagen der mamma jobbar. I dag er eg nemleg så heldig at eg skal få vere med dei på tur til fjells. Hurra. Det er jo greit å ha litt selskap av og til når eg skal på tur, sjølv om eg er veldig glad i mitt eige selskap og stillheita i naturen. Så veldig stille blir det nok ikkje i dag då ein heil saueflokk med barnehagebarn skal oppover ein liten sti, men så er ikkje barneprat- og latter det verste ein kan høyre på heller.

I går vart eg plutseleg meir opptatt enn det eg i utgangspunktet hadde tenkt, noko som resulterte i at eg ikkje hadde tid til bloggen. Blåbærplukking med mams vart prioritert på ettermiddag og kveldstid, og tidlegare på dagen var eg på Vangen og ordna med forskjellige ting i tillegg til mitt daglegdagse rituale: jobbsøknadsskriving. Sjølv om vêrmeldinga sa regn, regn og atter regn for i går titta likevel sola fram utpå dagen og eg tok meg ein liten fotoseanse i dagens antrekk. Det blei heilsvart, og er det noko eg alltid føler funkar så er det nettopp heilsvart frå topp til tå. 

No må eg turbokoke litt kaffi som eg skal ha med meg på turen, og så pratast me another time. Ha ein superduper dag! 


Bukse og t-skjorte - h&m // Nike free run 2 - Schuh // Casio klokke - Urban Outfitters


Comments: 0




Leave a comment

hits