1. september

  • 01.09.2015
  • 19:53

I dag gjekk turen frå Nordre Hamlagrø, opp til ein liten topp kalla Søtosten. Det er ingen lang tur, men var akkurat passe i dag då vêret ikkje var heilt på mi side. Eg har ikkje gått denne turen på mange, mange år så eg hugsa ikkje heilt kvar eg skulle gå, og mista stien medan eg gjekk over ei myr og dermed blei det litt surring mellom busker og kratt for å finne stien att. 

Medan eg fôr å surra kom eg over eit område som var fullt av gigantiske, fine blåbær. Eg klarte berre ikkje gå forbi utan å plukke litt, men hadde sjølvsagt ingenting med meg som var tiltenkt bærplukking så nisteboksen måtte duge, og nista vart plassert i ein liten plastpose eg fann i sekken. Man tager vad man haver, er det ikkje det dei seier? Blåbær blei det i alle fall, og eg kom meg til topps akkurat i det regnet ankom. Hurra... Det blei ein våt lunsj då eg ikkje hadde tatt med meg regnjakke, og etter å ha fått i meg nista skulle eg i grunn ynskje at eg hadde både hue og vottar i tillegg til den ikkje eksisterande regnjakka. Eg tenkte for meg sjølv at det er jaggu ikkje mykje som minner om sommar, før det plutseleg gjekk opp for meg at det er 1. september i dag og offisielt fyrste haustdag. Sjølv om finvêret og varme temperaturar kanskje ikkje er heilt over for i år, er i alle fall sommarmånadane forbi, og hausten er på veg. Men eg er klar eg, og i morgon skal eg på Garnsenteret for å hente ut noko garn eg har bestilt, for no skal det strikkast! 








Comments: 0




Leave a comment

hits