1241 moh

  • 24.08.2015
  • 18:08

I går gjekk sundagsturen frå Tjoflot, opp til Oksen saman med mamma, pappa og eit søskenbarn av mamma med familie. Det var fyrste gong opp der for min del, og for ei fantastisk oppleving det var. Det var ekstremt varmt oppover den bratte fjellsida, men så utruleg verdt det når ein kom på toppen. Det åpna seg opp ei fantstisk utsikt i alle retningar, og med det vêret me hadde vart det nesten litt magisk. 

I dag har sola og sommarfeelingen forlete Voss, og det ser ikkje spesielt lovande ut framover. Me skal vel få igjen no etter så mange fine dagar med sommarvarme, men ein kan jo alltids håpe at shortsen kan få kome på att eit par gonger før ein må pakke den vekk for hausten og vinteren. Men for all del, hausten kan jo vere veldig fin den òg, og eg satsar på mange fleire turar utover før eg kan finne fram skia og fortsetje med fjellvandringa på den måten. 








Comments: 0




Leave a comment

hits