Lazy summer days

  • 20.08.2015
  • 18:18

Vêret er herleg for tida; eg er heilt i ekstase kvar morgon eg vaknar opp til sol. Det er jammen ikkje mange slike dagar me har hatt i sommar, så no når det endeleg er her må det berre nytast til det fulle. I dag fekk ein av (alt for få) sommarkjolane mine kome på. Eg hugsar når eg fann den på Gina Tricot på Sørlandssenteret for nokre år sidan. Eg vart heilt forelska i formen og fargane, men var så usikker på om eg kom til å bruke den. Det vart så mykje att og fram at til slutt stod både Kristina og Tora å ropa: BERRE KJØP DEN! herregud... så då gjorde eg det, og jammen har den vorte flittig brukt. Ekstra kjekt er det når det er ein liten sommarbris ute medan eg har den på, for då blafrar den i vinden og eg føler meg nesten som ei prinsesse. Hurra! 

I dag inviterte eg meg sjølv opp til besta og beste på lunsj. Det var på tide å prate litt med dei att òg, no som dei er komne heim frå ferie i Sverige. Me prøvde oss på å sitte ute på verandaen, men sola steikte så kraftig at me til slutt måtte krype til korset og sette oss inn i stova att. No derimot, skal eg dra fram solsenga til ho mor og legge meg midt ute på plenen med iste og godt lesestoff. 





The weather is lovely at the moment; I'm in total bliss every morning I wake up to sun. We haven't had many days like this earlier this summer so now that we finally got proper summer we have to enjoy every moment of it. Today I put on one of my few summer dresses. I remember when I found it in a shop in Kristiansand a couple of years ago. I fell in love with the shape and the colours, but I wasn't sure if I would use it enough. I was clueless to whether I should buy it or not so both Kristina and Tora ended up yelling: JUST BUY IT! oh my god... so I did. And I must say it was a good purchase cause I've worn it quite a lot. I especially love it when there's a little breeze outside because it makes it really nice and flowy, and I almost feel like a princess.

Today I invited myself for lunch at grandma and granddads house. It was time to talk to them a bit again now, as they just got back from their holiday to Sweden. We tried to sit outside on the terrace for a while, but ended up having to go sit inside again because the sun made it unbearable. Now though, Imma dig mothers sun bed out from it's hiding place and lay down in the garden with some ice tea and a magazine. Gotta love lazy summer days. 


Comments: 1




Maren

20.08.2015 kl.18:21

Fine bilder av ei søt jente. Herlig når sommersola skinner og det er varmt i været. Får så lyst til å gjøre masse ute. Kjempedeilig. Ønsker deg en fin dag videre:):)

Leave a comment

hits