Tid til å tenkje

  • 19.08.2015
  • 22:28

Etter at eg flytta heim og plutseleg har folk rundt meg mykje av døgeret, i tillegg til at eg hadde besøk heile forrige veka, hadde eg i dag veldig behov for å kome meg vekk ifrå alt som heiter sivilisasjon og andre menneske. 

Så eg reiste på fjelltur. 

Sekken vart pakka klar like etter frukost, og før eg visste ordet av det var eg ute i den friske fjelllufta, berre meg og tankane mine. Planen var å gå frå Hodnaberg, opp til turisthytta Kiellandbu på Løkjedalsnuten, men då eg kom oppver i dalen vart det berre meir og meir snø eg måtte labbe meg over, og den siste bratte kneiken opp var heildekka. Sjølv om det var spor etter folk som hadde gått opp der tidlegare tok eg ikkje sjangsen då eg helst ikkje ville risikere å hamne nedi eit hol heilt aleina på fjellet, så eg snudde og gjekk eit stykke tilbake før eg sette meg ned i sola med kaffikoppen og nistepakka. Der vart eg sitjande å gruble på livet og diverse anna ei god stund medan både armar og bein vart godt steikt fordi solkremen stod att på benken utanfor døra heima. Eg vart ikkje så mykje klokare av all grublinga, men det var godt å ha det stille og fredeleg rundt seg, og ha tid til å tenkje. 





Comments: 1




Sigrid

19.08.2015 kl.22:34

Åååå da besta <3

Leave a comment

hits