When Britain meets Norway

  • 18.08.2015
  • 21:31

Heisann, heisann! 

Som eg nemde i forrige innlegg tok eg med meg dei britiske babesa mine, Willow, Becca, Tasha og Yasmin, ut på hytta forrige mandag, og derifrå reiste me rundt i bygda (og litt utanbygds); Dei for å vere turistar, eg for å leike guide.

På mandag, før me inntok hyttelivet, var me innom Voss Folkemuseum Mølstertunet, noko som var interessant både for meg og dei då det var to fine utstillingar der i tillegg til det vanlege. Tirsdag gjekk turen til Flåm og Stegastein over Aurland for å kikke på vestlandets fjordar og fjell. Me var litt uheldige med valet av dag då, for som de kanskje har fått med dykk var det ein buss som brann i Gudvangatunnelen akkurat denne dagen, og den vart stengd medan me framleis befann oss på feil side. Så heimattvegen vart over Hardangervidde, utan at eg heilt visste om eg var på rett veg eller ei. Heihå! Onsdag var dagen eg tok dei med på fjelltur. Turen var tima og planlagt ei god veke i førevegen slik at eg hadde ein viss idè om kor lang tid me kunne kome til og bruke, og kor bratt eg skulle leggje fram at det ville vere. Ruta var nøye tenkt ut slik at me skulle unngå både bratte skrentar dei kunne risikere å ramle utfor og alt for bratt terreng. Vel oppe på Hundskjeften på litt over 900 moh var humøret på topp, Kvikk Lunsjen ekstra god og latteren høg då dei bestemte seg for å ta fatt på den norske trenden kalla "naking". Det var uheldigvis litt skodde akkurat denne dagen, så utsikta var så som så, men dei synes likevel det var som i eit eventyr. 

Torsdag, den siste heile dagen deira i Noreg, kom sola endeleg ordentleg fram og dei fekk sett Voss på sitt beste. Det var heilt vindstille og eg bestemte at ein tur på Grandane var på sin plass. Etter nokre timar på stranda (eller det som er att av den no som vatnet er så stort) i steikjande sol, og bading i isvatn vende me snutane mot hytta att og rigga istand grillmat og bålkos på verandaen. Då me vakna på fredag var sola framleis vår ven, og sidan det var reisedag hadde sjølvsagt The Cow Pack (les: kyreflokken som går i hytteområdet) slått leir rett utanfor hytta, til min store fortvilelse. Det måtte jo berre ha seg slik at dei var der då me ankom hytta på mandag med "flyttelasset" vårt, og at dei var der då me skulle forlate åstedet på fredag med det same lasset. På mandag måtte eg berre legge all frykt eg har for kyr til sida, for noko jage-hjelp var det ikkje å få frå britane, men på fredag "knytte" eg på meg Birkenstockane mine og sprang ned brattebakken etter å ha ropa ut: save yourselves! Då at eg hadde sendt dei avgarde med flybussen ifrå Bergen stappa eg i meg litt kald spaghetti før eg køyrde ut att på hytta, og kom fram akkurat tidsnok til å få med meg kaffi, jordbær og brownie i solveggen saman med mamma og pappa som hadde tatt turen ut der for helga. 

No er dei tilbake i moderlandet, og eg er tilbake til kvardagslivet, alle med ein liten klump i halsen for no er det uvisst når me får samla The Wolf Pack/ Babe Squad igjen. 








Last Monday I brought my British babes to the cabin on the mountain, and from there we travelled around in town (and a bit outside of town): them being tourists and me pretending to be a guide. 

Before we arrived at the cabin we visited the local museum in Voss, Mølstertunet, where they had two exhibitions alongside the one that's always there. On tuesday I took the girls to Flåm and Stegastein above Aurland so they would get to see some of the mountains and fjords that the west of Norway has to offer. We were a bit unlucky with the choice of day as a bus started burning in a 
tunnel and it got closed as we were still on the wrong side of it. This meant we had to drive over two mountains to get home so they got to see Hardangervidda and some more of Norway, and I had no idea if I was going in the right direction or not... Wednesday I decided it was time to bring them to my sanctuary: the mountains. The hike was planned a week beforehand and I'd made sure there would be no cliffs for them to fall from and no too steep hills to climb. It's quite a short walk, and the top is only a little over 900 meters above sea level, but once you're on the top you get a really nice vue. And when Britain meets Norwegian hiking the trend called "naking" had to be put into life. 

The last full day for them in Norway, Thursday, the sun peeped out from behind the clouds and so they got to see Voss in its true beauty and I figured a day at the beach by the lake in town had to be experienced. After a couple of hours there in the sun, swimming in ice water, we went back out to the cabin and had a bbq and made a little fire outside in the evening. When we woke up on Friday the sun was still our friend and we headed to Bergen for the day where we had lunch and looked around for a bit before I sent them off to the airport.

Now they're back in the motherland and I'm back to everyday reality; not knowing when the Wolf Pack / Babe Squad will be united again. 


Comments: 0




Leave a comment

hits