Fest, fjell og fnising

  • 09.08.2015
  • 22:25

I gårkveld var det duka for Kristina sin 20 års dag i ungdomshuset på Bulken. Ho hadde leiga inn Twang Gang til å spela, og det blei både matservering, quiz og stolleiken i tillegg til dansing og prat med fine folk. Eg ankom med eit heilt lite lastebillass her frå Ukvitne då både mamma, pappa og Martin bror var inviterte òg, i tillegg til fire babes som er på besøk frå England denne veka. Alle var heilt i hundre utpå kvelden, og både gamal og ung, engelsk og norsk, fekk svinga seg på dansegolvet. Antrekket mitt for kvelden var ein ny kjole som eg sydde i full fart her om dagen, og heilt enkle svarte sko. Håret fekk eg beskjed om av besta at eg måtte sette opp i ei flette for det var så fint, så då måtte eg jo berre høyre på ho. 

No har me akkurat avslutta ei fin helg med grillmat, pavlovakake og kaffi i utestova. Straks er me vel klare for senga heile gjengen etter den seine kvelden me hadde i går, ikkje før 04.30 var hovudet på puta så me har litt å ta att for å seie det slik. Men det var ein veldig vellykka kveld, og engelsk babesa som aldri hadde opplevd liknande synes det var heilt etter boka. 

I morgon vender me snuten mot hytta, og blir nok der ute resten av veka til jentene reiser att på fredag, så då blir det lite med bloggoppdateringar, beklagelegvis, men no som eg ikkje har så mykje planar framover etter at besøket har reist skal eg steppe opp gamet litt. 

Håpar alle har hatt ei finfin helg, og at de er klare for ei ny veka. Det er vel kanskje til og med nokre skular som byrjar att? Eller er eg heilt på bærtur..? 




Comments: 2




Camilla

09.08.2015 kl.22:26

Så gøy!:)

Vivel S

09.08.2015 kl.22:31

Så flott blogg du har! Ønsker deg en fortsatt fin kveld <3

Leave a comment

hits