Trekløver

  • 04.08.2015
  • 18:13

I dag reser mi kjære Sigrid tilbake til Kristiansand på skule, så i gårkveld hadde trekløveret evt. Bolka (frå Bulken) Babes sin vanlege avskjedskveld med kaffi og kos. Sigrid og eg bila opp til Kristina i seks tida. Der kom me til tomt hus, og skjønte ingenting for me hadde sjølvsagt ikkje sjekka mobilane og fått med oss at Kristina var ein kjapp tur på butikken. Men i gjengen er det "mi casa es zu casa"-regel så me tok oss til rette. Ti minuttar seinare var Kristina på plass, kaffien på kok og me sat i solveggen på terassen med minibakkels på bordet. Bestemor-klubben sa du? Berre strikketøyet som mangla...

Snakk om lucky at me fekk sol og temperatur høgare enn fem grader akkurat i går då me hadde planlagt ein kveld ilag. Ei stund vart det faktisk så varmt at eg vurderte å kaste både bukse og skjorte, men eg veit ikkje heilt om det er akseptabelt i eit byggefelt der fleire hus har full innsikt? Her heima er det så langt mellom husa at om eg hadde hoppa strikk i hagen, naken, hadde ingen sett det, men i eit byggefelt er det kanskje litt andre reglar som gjeld. Men det eg skal fram til her er at eg beheldt både skjorte og bukse på. Uansett, kvelden var heilt etter boka, og skravla gjekk i eitt slik den alltid gjere når hønseflokken samlast. 

No har eg berre to dagar att med jobbing på sjukeheimen før eg offisielt kan kalle meg arbeidslaus (hah). Men at eg ikkje har arbeid neste veka er i grunn heilt ok ettersom eg på fredag får ein anna hønseflokk i hus då Babe Squad ankjem Noreg på ferie. Etter dei er reist kan eg heller fyre i gang stresset med å leite etter jobb, eller eventuelt felle nokre tårer fordi er eg er ein arbeidslaus, nyutdanna nissa som ikkje akkurat har vald den lettaste karriera på jord. Men den tid den sorg.





Comments: 1




Sigrid

05.08.2015 kl.02:11

<3 <3

Leave a comment

hits