Skrive: 17.05.2012 20:41 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


 

Russefeiring og berre to timar søvn på 37 timar. Barnetog, feiring med familie og vener. Russetog med sykkel og vogn. 

Har alle sammen hatt ein fin dag? Det har i alle fall eg, sjølv om eg er ganske sliten no. 

 

 




Skrive: 16.05.2012 17:48 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Tenkte eg skulle dele nyheita med alle. Eg kom inn på London College of Fashion, så til hausten kjem eg til å blogge frå London. Herligheit! Sjukt. Dette skal eg feire i kveld altså. Fantastisk slutt på russetida. 



SKÅÅL! Hah

 

 




Skrive: 15.05.2012 20:29 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Hadde litt shoppe feber her om dagen, så eg tok turen innom members.com og jammen meg fant eg noko som kunne klikkast heim. Gratis til og med, ettersom eg hadde litt memberspengar tilgode. Så snart dumpar dette nydelige og fargeglade smykket ned i postkassa. Blir perfekt til ei plain t-skjorte og ein shorts til sommaren. Ahh, små gleder. 

 

 




Skrive: 14.05.2012 12:41 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Då har eg opplevd det også, å bygge fort i kantina på skulen. Kule som me er fann me ut at me skulle ta ein russeknute i friminuttet og då blei det fort-bygging. Mens me satt inni fortet vårt fann me også ut at me skulle synge litt, så me endte opp med å synge 20 vers av fiskebolle songen. Folk blei litt lei av å høyre på, men me fekk berre ein beskjed om å halde kjeft ein gong faktisk. 

 






//Bilete - Ingeleiv Andrea

 


 




Skrive: 10.05.2012 16:58 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


På tirsdag fekk eg virkelig diy ånden over meg. Eg tok fram ei gammal skjorte og klipte armane av den og tok på nokre naglar på kragen. Eg klipte også til ei gigantisk t-skjorte til å bli ein enkel topp som eg strauk eit merke på. Og ei gammal bukse blei til shorts før eg så bleika den, slik at den gjekk frå svart til oransje. Kult. Blei ganske fornøyd med alle tre plagga, og kjem nok til å bruke det så snart russebuksa kjem av. 

 

 

 No skal eg til med eit kjoleprosjekt som eigentleg skal leverast inn på skulen i morgo, men som eg ligg skikkelig dårlig an med. Får sjå kor langt eg kjem med sying på ein kveld. Amen. 

 

 

 




Skrive: 08.05.2012 12:07 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Sminkelaus og fin, og hostar som eit helvete. Mmm, jeg er i kjempeform! 






Skrive: 07.05.2012 22:35 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Så var endå ein dag av russetida over. Hadde tentamen på skulen i dag, og var tidleg ferdig så eg fann ut eg skulle sykle russesykkelen ned igjen til Tora og så skulle mamma hente meg deg sidan ho hadde fri. Syklinga og alt gjekk fint, men bilen var det sjølvsagt noko galt med så mamma kom seg ikkje ned for å hente meg. Dermed endte det med at eg gjekk heilt heim. På vegen trudde eg at kom til å dø av tørst og hoste, men eg klarte meg. Så i dag har eg virkelig fått trim, 1,5 mil gitt. 



Når eg skulle heim frå jobb faila eg forresten mega hardt. Satt å køyrde og var heilt i min eigen verden og så kjem eg bort til lysktrysset og ser berre at det er raudt lys alle plassar og så står berre dei andre bilane i dei andre filene der, så eg berre: "åi shit, virkar ikkje lyset?!" og so køyrer eg berre. Like etterpå kom eg på: "herregud, kor dum går det an å bli, om lyset ikkje virkar så blinkar det jo gult eller noko sånt" Så då har eg altså vore så flink at eg køyrde på raudt lys i dag òg. Bad to the bone. Fy anita! Well, we all male mistakes right? Hah. 

No skal eg sove, fordi eg er slapp russ akkurat i kveld sjølv om det er russekro. Lekser er lekser, og dei må gjerast sjølv om russetida er feet. 

 

 




Skrive: 06.05.2012 17:03 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Sliten i dag du, så det får bli med bilda frå i går. Eit bilde seier jo meir enn tusen ord, og her er det seks bilder. You do the math. 

 

Ja, og her har me det bra...

 




Best av meg, likar det.

 









Skrive: 03.05.2012 18:03 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Kjenner at når det er så fint vær ute blir eg skikkelig deprimert av tanken på at eg må bruke russebuksa mi heilt fram til 17. mai. Det er jo så mange fine og vårlige klær ute å går, og så er eg stuck med russebuksa mi. Ikkje det, den er jo koselig den òg, med masse kule helsingar og greier, men ja, you get the point. Satt å såg på h&m sin fashion against aids kolleksjon, og då fekk eg berre endå meir trang til å bruke "normale" klær igjen. Menmen, så er me berre russ ein gong i livet. I alle fall dei fleste av oss. 

//Fashion against aids - H&M

Fargar, fargar, fargar. Blir glad.

 

 

 




Skrive: 02.05.2012 17:09 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Viss eg skal oppsummere dagen min til no med tre ord må det heilt klart bli MR, krabbing og kloring. Eg har endelig vore å tatt MR av kjeven min, så satsar på at dei finn ut kva det er som feiler den. Når eg så kom tilbake frå sjukehuset hadde nokre folk frå klassen og media funne ut at me skulle krabbe frå kantina og ned i gangen og så opp igjen ettersom det er ein russeknute. Så då krabba me rundt i ei lang rekke. Det var også her kloringa kom inn. Tora skulle vifte til Ingeleiv om at ho kunne gå, og så slengte ho armen bak og woops der traff ho meg. Så no har eg eit fint lite sår i panna etter at Tora ufrivillig angreip meg. Hah. Eg leve farlig. 

Eg har også klart å pådra meg ein kraftig forkjølelse. Så eg sitt her med eit hovud som held på å sprekke og ein hoste som sikkert kan høyrast heilt til månen. Det er eit hardt liv.

 

 




Skrive: 01.05.2012 18:21 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


So er me endeleg døypte, og er ordentlig russ. Eg fekk det kjekke russenavnet Fashionita. 

Kvelden og natta blei feira i Prestegardsmoen, aka Moen, ilag med gode, søte, snille folk. Sykkelen til meg og Tora blei nesten stjelt ein gong òg, så eg måtte på leiting etter den. Men alt ordna seg, og det var ein veldig kjekk kveld. 







Hohoho. No sitt eg igjen med eit blåmerke på bringa som eg ikkje veit korleis eg har klart å få. Det er herlig med russetid. Amen. 

 

 




Skrive: 29.04.2012 14:25 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Åå, kvelden i går er ein av dei beste eg har hatt på lenge. Tora, Sigrid, Ida og eg reiste opp til Kristina og der laga meg oss taco og hadde det kult litt utover kvelden. Etter at me hadde vore der oppe reiste eg, Sigrid og Tora for å hente Stefan, og så reiste me i ungdomshuset i ein 50- års dag. Der var me heilt til i fire tida. Det var masse folk, latter og moro. Fekk nokre veldig fine signaturar og slik på buka mi òg, pluss KUG i panna som straff fordi eg tegna eit kryss i ansiktet til Sigrid. Takk for det. 











Ah, hadde lett spolt tilbake og opplevd kvelden på nytt. For den var RÅ! Russetid e mad awesome. Just so you know. Heh. 

 




Skrive: 28.04.2012 11:23 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Eg har overlevd min fyrste dag som russ. Har vore å vasa rundt og vore på to uteplassar allereie, så dette lovar bra. I dag er det på an igjen, og eg gledar meg villt mykje. Jealous much? Uansett, eg må beklage for dårlig bloggin til no og mest sansynleg resten av russetida. I'm a busy woman. 









Eg er flink til å ta bilder heile tida då, då de får kanskje sånne små oppdateringar med litt bilder av kva eg driv på med. Så lenge bilda ikkje er alt for crazy, då legg eg dei jo ikkje ut. For litt må eg jo skåne dekan for. Hah. Neidå, eg går aldri over streken eg. Er berre snill. 




Skrive: 25.04.2012 16:48 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Eg har fått fjernutløysaren til kamera mitt, og eg har på meg det nest siste normale antrekket mitt før russebuksa tek over. Så eg tok saken i eigne hender og det endte med dagenst outfit bilder. Enjoy. 


Bukse - Cubus // Bluse - Vero Moda // Jakke - Bik Bok


Skeeeptisk sa du? 

 




Skrive: 24.04.2012 22:05 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


I dag har Tora og eg brukt dagen på .... 





å gjera ferdig sykkelen og sykkelvogna vår som me skal bruke i russetida. Herregud, på fredag brakar det laus. Det skal bli så bra. Gledar meg som ein liten unge. Det følest som ein evighet å måtte vente heilt til fredag. 

 

 




Skrive: 24.04.2012 09:58 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Hjå blogg.no kan me no vinne vårt heilt eigen designa skopar frå NikeID, og det er jo ein konkurranse eg ikkje kan gå glipp av. Så her har du mitt forslag. Blå og oransje, komplimentær fargar og greier, sidan eg liksom går på formgjeving. Heh. Så sånn er det. 



Run free people! 


Trykk HER eller på bildet over for å delta!



Skrive: 22.04.2012 10:57 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Var innom nastygal.com i går og herregud så mykje fint. Hadde eg vore styrtrik hadde eg lett kjøpt alt på bilda under pluss mykje meir. Det var berre utruleg kor masse kule ting dei hadde der no. Dødde nesten litt. Det verste er at no har eg mitt eige visakort så eg kan bestille akkurat kva eg vil ifrå kor eg vil, så eg kan ikkje bruke det som ein unskyldning lenger. Uff. Må. Prøve. Å. Spare. Til. Grimstad. Tur. Give me strength.

Jumpsuit utsolgt. Kvit kjole her. JC Lita her.

Mønsterkjole her. Bluse her. Lilla kjole her
 



Dr. Martens her. Hatt her. Smykke her.

Solbriller her. Topp her. Veske her

 

 




Skrive: 20.04.2012 19:38 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o




Superlong legs and pearls in my hair. 

 

 




Skrive: 19.04.2012 21:38 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


Som de kanskje har sett så skreiv eg i eit innlegg at eg har blitt invitert på noko veldig kult og ganske skummelt, og eg lovte at eg skulle fortelje meir seinare. Så eg tenkte eg kunne skrive eit innlegg om det no. 

 

 

Nokon av dekan veit kanskje at eg har søkt på ein skule i London, London College of Fashion, og så har det seg slik då at eg har blitt valgt ut til intervju på nettopp denne skulen. Eg har heile tida håpt på nettopp dette, men eg var usikker på om søknaden min i det heile tatt var god nok til å kome så langt. Så når eg hadde fått ein epost frå skulen om at eg var blitt invitert til intervju fekk eg heilt hakeslepp. Det var heilt uvirkelig, og det er det eigentleg litt no òg. 

Intervjuet skal skje over telefon, og på engelsk så klart. Eg veit ikkje heilt om eg gruar eller gledar meg, eller begge deler. Trur ikkje det har gått heilt opp for meg endå. Det er berre ganske sjukt. 

Eg er i alle fall eit steg nærare draumen om å gå på skule i London. Håpet er på topp. 




I denne samanheng lurte eg forresten på om det er nokon som har erfaring med slike skule intervju, og kva det eventuelt pleier å bli spurt om.... 

 

 




Skrive: 17.04.2012 21:51 © w w w . a t i n a a n i t a . b l o g g . n o


For ein fantastisk dag. Det er stort sett deg eg kan oppsummere denne dagen som. Det har vore strålande sol heile tida og me hadde tidleg fri frå skulen. Eg har vore ute å jogga, og sprunge intervall og no på ettermiddagen tok eg meg rett og slett ein sykkeltur. Heilt herlig å kjenne at det snart er sommar og ferie. Men aller fyrst kjem jo russetida, som faktisk begynner allerede neste veka. Herregud, kanskje eg burde stryke på litt merker på buksa mi snart? 

Jealous much? 






hits